Ni av plassane i heradsstyret gjekk til Nesheim og Framstegspartiet, ein framgang på fire mandat frå valet i 2003. Saman med Høgre og anten Venstre eller KrF, kunne det blitt borgarleg fleirtal.

I staden er det Ap-ordførar Kari Foseid Aakre som held fram. Ho blir støtta av dei andre partia, frå SV til Høgre. Til saman blir det 18 mandat i heradsstyret.

Ingen Søviknes

– Det er litt problem med politikken til Frp på Osterøy. Hadde det vore Søviknesen, hadde det ikkje vore noko problem å samarbeide, seier Ingemar Tepstad. Han er listetopp for Høgre, og truleg den neste varaordføraren.

Problema Tepstad siktar til, er i all hovudsak knytt til Frp-sjef Nesheim.

– Det går på oppførselen og korleis han opptrer. Særleg slik dei var mot dei tilsette på Osterøy rådhus, seier Tepstad. I eit innslag på NRK gjekk Nesheim rundt på rådhuset for å vise alle byråkratane han ville avsette.

Partihygiene

Nesheim sjølv tar kritikken med ro.

– Vi luktar vel stygt. Eg har ikkje noko anna meining enn at det er korttenkt av dei, seier Nesheim. Han tykkjer det blir eit demokratisk problem når alle dei andre partia spelar på lag.

– Det er med på å lage politikarforakt. Folk vil ikkje forstå kvifor dei skal stemme når eit parti på vår storleik ikkje får makt, seier Nesheim.

Frp fekk 33 prosent av stemmene på Osterøy.

Bjørn Erik Larsen