• Eg er i sjokk. Dette var nett som å få ei sleggje i skallen, seier Bjørn Arne Aakvaag. Frp-toppen i Lindås veit kva han snakkar om. Til dagleg er han skytebas. Men no kan han enda som ordførar.

Opinion AS si meiningsmåling for Lindås gjev nemleg 28,1 prosent av røystene til Framstegspartiet. Det er over ei dobling frå kommunevalet i 1999, då partiet enda på 13,5 prosent.

I kommunestyret ville det gjeve 9 mandat, mot 6 i dag, endå det nye kommunestyret skal skrumpast frå 41 til 31 representantar.

— Korleis forklarar du dette?

— Vi har samarbeidd godt med dei andre partia i kommunestyret, og vi har vist folk at vi ikkje er politiske villmenn, slik ein kan få inntrykk av mange andre stader. Dessutan er det kanskje Os-effekt som slår over til Lindås, seier Bjørn Arne Aakvaag til Bergens Tidende.

Hagesæter-effekten

Idar Eidset i Opinion AS peikar og på Hagesæter-effekten som årsak til Frp-framgangen i Lindås.

— Det er ofte slik at når ein distriktskommune får ein representant på tinget, så har gjev det positive utslag for partiet lokalt, seier Idar Eidset.

— Sjølvsagt kan det ha sin verknad at eg er einaste stortingsrepresentant frå Nordhordland, men den viktigaste årsaka til det gode resultatet er likevel at det vert arbeidd svært godt i partiet både lokal og på riksplan, seier ein smålåten Gjermund Hagesæter til BT.

Lite å slåst om

Av dei andre partia er det berre Sosialistisk Venstreparti som går fram, frå 7,3 til 11,7 prosent. Der slår den nasjonale tendensen ut. Listetopp Tore Svendsen kan ikkje forklara framgangen med lokale tilhøve. Valkampen har enno ikkje starta i Lindås. I tillegg slit partia med å finna stridssaker som kan mobilisera veljarane:

n Skulestrukturen? Eit freda tema. Framstegspartiet er like mykje oppteken av levande bygder og små grendeskular som Senterpartiet og SV. - Folk vil ha det slik, seier Bjørn Arne Aakvaag.

n Eigedomsskatt? Også freda. Ikkje ein gong SV torer å stikka fingrane inn i kvepsebolet. - Det ville irritera langt fleire enn det ville gagna, seier Tore Svendsen.

n Gasskraftverk på Mongstad? Jamvel SV er for. - Vi er positive til dette. Etter de vi skjønar, vil utnyttingsgraden av gassen vera svært høg, seier Svendsen.

n Konkurranseutsetjing? - Kanskje på veg- og parksektoren. Men i eldreomsorga er det langt fram, seier Høgres Audun Stusdal. Aakvaag i Frp er endå meir varsam. Vi har for mange i administrasjonen, og for få ute på golvet, er hans forslag til å få meir ut av pengane.

— Dei politiske partia har heilt klårt vanskar med å finna tema dei kan stridast om. Men så har også alle dei store partia samarbeidd om dei fleste sakene i den valperioden som har gått. Dermed har dei problem med å gå til åtak på kvarandre, seier Randi Bjørlo, som er sjefredaktør i lokalavisa Nordhordland.

I dag er det 5 parti i kommunestyret som er nokolunde jamstore. Kristeleg Folkeparti er det største med 9, deretter Arbeidarpartiet med 8, Høgre med 7, og Frp og Senterpartiet med 6. Skilnadene vert truleg større i det nye kommunestyret, skal vi døma etter meiningsmålinga.

KrF på vippen

— Bakgrunnsmaterialet til meiningsmålinga vår syner at Framstegspartiet har mobilisert best. Men om lag halvparten av dei som er spurt, har endå ikkje bestemt seg. Og i denne gruppa verkar det som dei andre store partia har større reservar å ta av enn Frp. Så spørst det om dei greier å henta ut desse reservane. Greier dei det, vil det truleg jamna seg litt ut mellom Frp og dei andre ved valet. Men likevel tyder alt på at Frp vil gjera eit svært godt val, seier Idar Eidset.

Kristeleg Folkeparti kjem kanskje betre frå denne meiningsmålinga enn mange hadde venta. Partiet held stillinga så nokolunde, og har tydelegvis eit solid grunnfjell i Lindås. Med seks mandat er Kristeleg Folkeparti i stand til å skapa fleirtal både til høgre og til venstre. Men mot venstre vert det ikkje fleirtal utan at SV er med. Listetopp Kåre Gaulen avviser ikkje at KrF kan vera med å skapa fleirtal saman med Høgre og Frp.

— Vi har hatt eit ryddig og godt samarbeid med båe dei to partia så langt, så det er slett ikkje umogleg at det samarbeidet kan halda fram etter valet, seier Kåre Gaulen, som medgjev at han då har god sjanse til å kapra ordførarstolen.

RETT TIL VERS: Som skytebas er Bjørn Arne Aakvaag van med å sjå at ting flyg høgt. Men at partiet hans, Frp, skulle ta av slik det gjer i Lindås, det hadde han ikkje trudd.
FOTO: TOR HØVIK