OLAV GARVIK ATLE ANDERSSON

— Eg vil ikkje utan vidare svara nei dersom eg får spørsmål frå nominasjonskomiteen, for det vil i så fall vera ei tillitserklæring. Men eg er litt meir usikker no enn eg var for eit par månader sidan, for eg veit sanneleg ikkje kva som er best - å vera ordførar i Austevoll eller berre ein av 165 på Stortinget, seier Njåstad til Bergens Tidende.

Som 24-åring er han landets yngste ordførar. Han er dessutan med i fylkestinget, og vert rekna som ein gåverik politikar.

Samstundes veit han at sentrale folk i Frp er lite glade for tanken på at partiet kan mista ein av dei to ordførarane det har her i fylket. Går Njåstad av i Austevoll, er det etter alt å døma duka for at Senterpartiets varaordførar Edvard Johannes Stangeland rykkjer opp.

Framstegspartiet i Hordaland har i denne perioden tre representantar på Stortinget: Arne Sortevik, Gjermund Hagesæter og Karin S. Woldseth. Alle ønskjer attval.

Hagesæter i fare?

Helge André Njåstad vert rekna som ein sterk representant for kyst- og distriktsinteressene i Frp. Dersom han let seg overtala til å satsa på stortingskarriere neste haust, er det først og fremst Gjermund Hagesæter frå Lindås som kjem i faresona. Hagesæter har dessutan vore sterkt involvert i fraksjonsstridar før, og må vera budd på at det vert strekt snubletrådar.

Tidlegare stortingsrepresentant Knut Hanselmann, Askøy, er leiar i nominasjonskomiteen. Han opplyser til BT at lokallaga har fått frist til 1. september med å senda inn forslag på kandidatar. Komiteen skal innan 15. november leggja fram endeleg forslag på stortingsliste, og 11. desember står det store slaget på nominasjonsmøtet.

— Eg trur det vert ein lettare nominasjonsprosess denne gongen enn for fire år sidan. Det er ro i systemet no, seier han underfundig og minnest med skrekk og gru rabaldermøtet den gongen. Også då hadde han oppgåva å leia nominasjonsarbeidet.

Bergensaren Arne Sortevik sit trygt, medan Karin S. Woldseth - som er leiar i Bergens Frp - truleg vil kjenna pusten i nakken frå andre kvinnelege utfordrarar. Den fremste av dei er Lill Karin Dale som er nestleiar i Bergen Frp.

Trivst «kjempegodt»

Helge André Njåstad stikk ikkje under ein stol at han eigentleg har lyst på stortingsplass, og han vedgår at han alt er blitt spurt om å stilla. Men samtidig er det ein del ting som førebels veg imot:

— Eg trivst kjempegodt som ordførar, og det er store utfordringar her i Austevoll. Sjølv om vi slit med vanskeleg kommuneøkonomi, får vi likevel gjort ganske mykje. Det ville dessutan vera stas å sitja som ordførar når Austevollbrua vert opna, truleg hausten 2007.

I tillegg er det neppe så attraktivt å vera med i ei stortingsgruppe som kanskje framleis må leva i «skyggenes dal», legg han til. Det vil stilla seg heilt annleis om Frp kjem i regjeringsposisjon eller i det minste får ein formell samarbeidsavtale med regjeringa.

Men det siste ord er ikkje sagt. Det er no framover dragkampen mellom lokallaga, fraksjonar og alliansebyggjarar tek til. I Frp er det stadig mange som har lyst til å seia «takk for sist» etter oppgjeret på førre nominasjonsmøtet.

I TENKJEBOKSEN: Ordførar Helge André Njåstad veg for og imot om han skal satsa på stortingsplass. <p/>ARKIVFOTO: TOR HØVIK