Med berre få stemmer att å telje ligg Sp an til å få 34,8 prosent av røystene, og fem medlemer i det nye kommunestyret. Partiet har siste fire åra hatt ordføraren i Gunn Åmdal Mongstad.

Frp ligg an til å få 27,3 prosent, og doblar med det partigruppa frå to til fire. Frp har i dag varaordføraren i John Kåre Larsen. Solund var på førehand rekna for å vere den kommunen der Frp hadde størst sjanse til å få sin første ordførar i Sogn og Fjordane.

Når Sp no ser ut til å halde skansen, må dei truleg sjå langt etter det.