Frps Helge Stormoen slapp ei skikkeleg politisk bombe, då Komite for finans og næring samla seg i Teatersalen i Bergen Rådhus i går.

Temaet var fusjonen mellom HSD og Gaia. På bordet låg forslaget frå byrådet om å avvise fusjonen, og frå Arbeidarpartiet om å seie ja.

Etter ei lengre utlegning om kva problem Frp har hatt med å bestemme seg i saka, presenterte Stormoen eit uventa og originalt forslag til vedtak:

«Bystyret ber byrådet igangsette salg av aksjene i Gaia Trafikk AS i samarbeid med Os kommune og event. andre aksjonærar (...). Bystyret ber om at sak med endelig salgsprospekt fremlegges snarest og senest innen Bystyrets budsjettmøte 18/12-2006».

Desperasjon og tulletilbod

Forslaget kom tydeleg overraskande på byrådspartia Høgre, KrF og Venstre. Frp har til no vore positiv til fusjonen, der nestleiar i bystyregruppa Gunnar Bakke har stått sentralt som styreleiar i Gaia Trafikk.

I røynda får byrådspartia no tilbod om å få fleirtal for å selje Gaia, noko dei gjerne vil, mot at dei bryt budsjettavtalen med Arbeiderpartiet.

For å få Aps støtte til 2006-budsjettet har nemleg byrådspartia inngått ein avtale om byrådet ikkje skal leggje fram noko sak om sal av aksjane av Gaia i dette budsjettåret.

— Det er klart alle rundt dette bordet veit at byrådet har ein samarbeidsavtale med Arbeidarpartiet. Men viss vi kan flytte salet noko fram i tid, er tankane her absolutt i tråd med slik byrådspartia tenkjer, prøvde KrFs Trygve Birkeland.

Men Stormoen gav ingenting. Han svarte med å seie at Frp kan vere opne for sal tidlegare, i september eller oktober. Mina var alvorleg, men «tilbodet» fekk dei fleste i salen til å dra på smilebandet.

- Byrådet må velje side

Når tida kom til avstemming, støtta byrådspartia forslaget frå Frp, men med eit vilkår om at tidspunktet for salet blir flytta til etter årsskiftet.

Det atterhaldet kan byrådspartia berre gløyme, seier gruppeleiar Liv Røssland, som sjølv ikkje var på møtet.

— Då er det heilt uaktuelt. Då vil gruppa gå for ein fusjon. Viss de trur vi fremjar dette for syns skuld, skal dei få sjå ein annan røyndom, seier ho.

— Men kvifor er det så viktig å få vedtaket før årsskiftet?

— Fordi vi ikkje stolar på at byrådet då kjem med denne saka, seier Røssland.

- Må velje side

Datoen 18. desember er vald fordi det er då bystyret skal vedta 2007-budsjettet. Frp vil ha ein salsavtale som ein del av budsjettet, som er det siste før kommunevalet i 2007.

Dermed handlar ikkje dette lenger berre om HSD-Gaia fusjonen, men om å binde byrådet til å inngå ein budsjettavtale med Frp.

— Det er heilt rett. No må dei velje side, seier Røssland.

Gruppeleiar Terje Ohnstad i Arbeidarpartiet gjorde det på komitemøtet heilt klart kva konsekvensen blir, viss byrådspartia hoppar på forslaget frå Frp:

— Gjer dei det kan dei i alle fall gløyme oss i diskusjonen om budsjettet for 2007.

Byrådet vil òg kunne miste Aps støtte i andre saker, spesielt tertialrapporten, byrådets reviderte budsjett, som bystyret skal vedta måndag. Same dag som dei skal røyste over HSD-Gaia fusjonen.