— 20,2 prosent? Det var ikkje dårleg. Svært oppløftande, er Starheims umiddelbare kommentar når BT fortel resultatet av vår ferske meiningsmåling for Sogn og Fjordane, utført av Sentio.

Målinga er den første i fylket sidan august 2007. Og då var det lokalval det handla om.

- Rotfesta folkeslag

Frp går fram nesten fem prosentpoeng i høve til stortingsvalet i 2005, som blei omtala som eit brakval for partiet. Det gode resultatet kjem trass i at Frp i nasjonale målingar har opplevd ein tilbakegang sidan finanskrisa ramma.

  • Innbyggjarane i Sogn og Fjordane er eit rotfesta folkeslag. Det kan vere at man ikkje lar seg prege av det som er trenden elles i landet, spekulerer Starheim.

Han er svært nøgd med over 20 prosent, og minner om at Frp låg heilt nede på to-tre prosent i fylket for berre få år sidan.

  • Vi har drive ein formidabel kursing og skolering av våre lokalrepresentantar. Dessutan håpar eg at eg sjølv har medverka på Stortinget til å gje oss større truverd og tillit.

— Tyder denne målinga at du no er trygg på fire nye år på Tinget?

  • Nei, nei. Måling er måling og val er val.

Høgredreiing

Han har grunn til å ta atterhald. Som valekspert Knut Henning Grepstad peiker på, har Frp tidlegare gjort det betre på målingar enn i sjølve valet.

  • Denne målinga indikerer likevel ein viss høgredreiing og regjeringsslitasje. Både Frp og Høgre gjer det bra, medan Ap og SV slitar, seier Grepstad, som til dagleg jobbar i fylkeskommunen, men i mange år har vore fast valkommentator for NRK Sogn og Fjordane.

Grepstad trur Starheim kan førebu seg på ein ny periode på Stortinget, men seier at elles er mykje ope før valet neste haust.

Sp kan få to

Senterpartiet held stillinga trass regjeringsslitasjen.

— Det er kanskje ikkje så unaturleg i Sp-bastionen Sogn og Fjordane. Men eg trur også at det kan tilskrivast at samferdsleminister Liv Signe Navarsete er populær. No er ho blitt leiar for partiet også, det svekkjer neppe hennar stilling i heimfylket.

Grepstad trur Sp kan vere med å kjempe om eit andremandat frå fylket. Normalt kjem Sp kraftig når dei mobiliserer i valkampen.

— Men også Høgre kan melde seg på i kampen om sistemandatet, om framgangen held fram.

Sogn og Fjordane har i dag fem mandat på Stortinget, men det siste er eit utjamningsmandat som blir fordelt rundt i landet.

I Ap blir målinga teke imot med avmålte reaksjonar.

  • Eg er glad for at det høyrest ut som om vi framleis kan få to på Tinget, seier fyrstekandidat Ingrid Heggø. Ho medgjev at regjeringsslitasje kan vere ein forklaring på tilbakegangen.

PS: Grafikken i papir-BT i dag inneheld ein feil. Deltakarane i meningsmålinga er spurd om kva dei ville ha stemt viss det var stortingsval, ikkje fylkestingsval, slik me feilaktig skriv.

Kven vil du ha på Tinget frå Sogn og Fjordane? Sei meininga di!