Starheim har vore ordførar i Selje før, men då som Høgre-mann. Etter at han hoppa over til Frp, har Starheim ikkje stått fram som nokon typisk politikar frå det partiet.

— Starheim har i fleire saker greidd å framstå som ein samlande faktor i kommunestyret, seier redaktør Erling Wåge i lokalavisa Fjordenes Tidende.

Dei siste seks åra har Selje hatt kvinneleg ordførar. Sitjande ordførar Gunn Helgesen frå KrF og Høgres Liv Stave er begge sterke kandidatar. Helgesen har hatt ordførarklubba dei siste fire åra.

— Ho har stått fram som ein fin frontfigur og har unngått dei store tabbane. Det dummaste ho har gjort var vel å køyre i 90 km/t i ei 60-sone, seier Wåge.

Veteranen Liv Stave er sentralstyremedlem i Høgre, fylkesleiar i Sogn og Fjordane og ein sentral fylkespolitikar. I tillegg er Høgre eit parti som tradisjonelt har stått sterkt i Selje. Men sine seks representantar har dei siste perioden vore største gruppa i kommunestyret.

Også Aps toppkandidat Ottar Nygård må reknast med i kampen. Han kjem frå Flatraket lengst sør i kommunen. Men sterk oppslutnad frå heimstaden, og støtte frå Ap-sympatisørar i resten av kommunen, kan ikkje Nygård avskrivast.

Dei to siste kandidatane, Dag Austring (Sp) og Richard Eide (Folkeleg Fellesliste), når neppe opp.

Selje har hatt ein tradisjon med sterke bygdelister. I år er Tverrpolitisk Samlingsliste vekke. Eit spennande moment blir difor kven som vil kapre røystene til dei som for fire år sidan gav si stemme til samlingslista. Lista med tyngdepunkt i kommunesenteret Selje, fekk inn tre representantar.