Heradsstyremøtet i Kvam fekk ein dramatisk ende i går kveld. Først gjekk Frps gruppeleiar Bjarne Mo på talarstolen og kunngjorde at han ikkje lenger vil vere medlem i Framstegspartiet, og at han nå melder seg inn i Høgre.

Deretter kunngjorde Frps andre representant, Geir Mo, at han vil gjere det same.

Dermed står Frp att utan folkevalde i Kvam.

— Vi har hatt store samarbeidsproblem med styret i lokallaget. Vi har vorte motarbeidd, og ikkje fått noko hjelp eller attendemeldingar. Nå er vi ved vegs ende, seier Bjarne Mo.

Han har vore Høgre-medlem før, og sat som vararepresentant i heradsstyret i to periodar.

Leiaren visste ingenting

Bakgrunnen for brotet er skulestriden som har rasa i Kvam i lang tid. I november vart det fleirtal i heradsstyret for at elevane frå Norheimsund og Ålvik skal samlast på den nye ungdomsskulen i Øystese.

Les og sjå video: Legg ned skulane Både Bjarne Mo og Geir Mo har ønskt å behalde ungdomsskulen i kommunesenteret Norheimsund, og stemt for det. Styret i Frp sitt lokallag, med leiar Dagfinn Vik i spissen, har hatt det motsette synet.

— Eg tek til etterretning at dei har meldt seg ut, sa ein ordknapp partileiar Vik i går kveld. Han fekk først vite at partiet står utan folkevalde etter at det var kunngjort frå talarstolen i heradsstyret.

«Ekstrem valkamp»

Båe Bjarne Mo og Geir Mo er nye i heradsstyret i Kvam. Dei stod ikkje øvst på Frp-lista ved valet i 2007, men kom inn ved hjelp av fleire hundre slengarar og personstemmer.

— Vi gjekk til val på at det skulle vera ungdomsskule i Norheimsund. Det stod også i partiprogrammet, seier Bjarne Mo.

Partileiar Vik frå Øystese var kumulert på toppen av Frp-lista, men vart likevel forbigått av to blad Mo.

Vik seier dei to kom inn «etter ein ekstrem valkamp».

— Dei fekk også vridd til partiprogrammet i aller siste runde, seier Vik. Han vil nå kalle inn til medlemsmøte i partiet - truleg over nyttår.

- Ingen lett prosess

Utbrytar Bjarne Mo seier utmeldinga var ei vanskeleg avgjerd å ta.

— Det ikkje vore ein lettvint prosess.

— Kva tenkjer du om alle dei som stemte Frp, og som nå står utan representantar i heradsstyret?

  • Det er baksida av medaljen. Men valet i fjor var også eit skuleval. At lokallagsformannen ikkje lenger støttar partiprogrammet, har vore vanskeleg for oss, seier Bjarne Mo.

Også andre politiske parti i Kvam har vorte djupt splitta av skulestriden. Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) braut med linja til si eiga partigruppe og var med på å sikre fleirtal for nedlegging i Norheimsund då saka vart avgjort i heradsstyret i november.

Les også: Vil ekskludere partifellar

Organisatorisk nestleiar i Hordaland Frp, Gustav Bahus, visste ikkje om utmeldingane i Kvam før han vart kontakta av Bergens Tidende i går kveld.

- Veldig trist

— Det er veldig trist at alle dei som har stemt på Frp og Frps politikk blir ståande utan folkevalde i Kvam, seier Bahus.

Frp har ikkje høve til å skifte ut dei to utbrytarane. Herads- og kommunestyrerepresentantar står etter lova fritt til å skifte partitilknyting midt i valperioden. Det skal også gode grunnar til for å få fritak frå eit slik verv.

— Eg meiner likevel det er unaturleg at dei to held fram som representantar, seier Bahus.

Men det har både Bjarne Mo og Geir Mo tenkt å gjere.

— Vi vil slutte oss til Høgre-gruppa i heradsstyret for resten av valperioden, seier Bjarne Mo.

Diskuter skulestriden i Kvam i kommentarfeltet.

I SENTRUM: I dag står nye Kvam ungdomsskule til 80 millionar kroner halvtom. Skulestriden er grunnen til at Frp nå står utan folkevalde i Kvam.
ØRJAN DEISZ
SPLITTA: Også andre politiske parti i Kvam har vorte djupt splitta av skulestriden. Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) braut med linja til si eiga partigruppe.
ØRJAN DEISZ