— Eg er optimistisk, og trur at partiet vårt på Stortinget kjem til å seia ja til dette, seier fylkestingsmedlem Terje Søviknes til Bergens Tidende.

Men det glapp i fjor under arbeidet med revidert nasjonalbudsjett. Då var Frp nær ved å skapa fleirtal for ei innstilling om å løyva 50 millionar kroner til Jondalstunnelen utanom riksvegramma, som ein del av overgangsordninga for store fylkesveganlegg. Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet var for, men utan Frp vart dei i mindretal.

— Grunnen til at Frp fall frå den gongen, var budsjettavtalen med regjeringa, der partiet hadde bunde seg, seier Terje Søviknes.

Men overgangsordninga for store fylkesveganlegg går ut i 2005. At det glapp i fjor, vart dermed ikkje fatalt for Jondalstunnelen. Men statsbudsjettet for 2005, som skal vedtakast hausten 2004, er truleg siste sjansen for å få friske pengar frå staten til Jondalstunnelen.

— Vi er merksame på at det er alvor neste år, men eg har inntrykk av at det vert meir og meir akseptert i Frp på Stortinget at Jondalstunnelen må få desse pengane, seier Terje Søviknes.

Dei 90 millionane frå fylkeskommunen skal fordelast med 30 millionar kroner til den planlagte anleggsstarten i 2005, og deretter 10 millionar årleg dei neste seks åra. Spørsmålet om Jondalstunnelen kan nyta godt av ein del av fylket sine konsesjonskraftinntekter, er høgst uvisst. Fylkesrådmann Paul M. Nilsen gjorde under tingseta torsdag merksam på nye rekneskapsreglar som gjer at desse inntektene ikkje lenger kan disponerast fritt av fylket. Frå 1. januar 2004 må konsesjonskraftinntektene inngå som ein del av fylkesrekneskapen, og dermed vera med på å dekka Hordaland fylkeskommune sitt kolossale underskot.

Størst verknad vil denne nyordninga truleg få for Hardangerbrua, som hittil har fått overført 70 prosent av konsesjonskraftinntektene. Styreleiar i Hardangerbrua AS, Magnar Lussand, medgjev at desse inntektene rett nok er svært varierande, men med dagens kraftprisar er det von om at inntektene kan verta større enn før.

— Eg går ut frå at eit samla fylkesting ynskjer å halda oppe ordninga med å nytta konsesjonskraftinntektene til nyttige føremål i dei delanne av fylket der krafta vert produsert. Difor må vi sjå om det ikkje let seg gjera å laga det slik at dette kan gjelda også etter årsskiftet, seier Magnar Lussand.