Fyorda hagla frå framståande Frp-arar etter at dei andre partia i Transportkomiteen på Stortinget fredag sa ja til høgfartsbane eller lyntog i Norge.

Arne Sortevik kalla det for «eit luftslott», medan Per Sandberg (som leiar komiteen) omtalte det som «eit gigantisk feilsteg».

Det har tydelegvis ikkje gjort noko særleg inntrykk på partiets ordførar i Bergen, Gunnar Bakke.

Då han søndag held tale på ei markering for 100-årsjubileet for Bergensbanen, sa han det slik:

– I Europa har det gått føre seg ein revolusjon dei siste 20 åra med høghastigheitstog. Vi har eit potensial til å gjere mogleg for austlendingane å nå Bergen på godt under fire timar, anten på den same traseen eller på ein ny. Det bør derfor vere positivt for jernbanen at no eit fleirtal på Stortinget ønskje å satse meir på banebygging.

Det lykkast ikkje BT å få fatt i Bakke for ytterlegare kommentar søndag kveld.

Se Gunnar Bakkes tale her:

TOG-JA: Ordførar Gunnar Bakke meiner det bør vere positivt for jernbanen at eit fleirtal på Stortinget no ønskjer å satse meir på banebygging. ARKIVFOTO: RUNE SÆVIG