• Vi satsar på vegbygging fordi buss er det mest miljøvenlege kollektive transportmiddelet.

Leiaren i Stortinget sin transport— og kommunikasjonskomite, Per Sandberg, Frp, vil likevel ikkje nekta private aktørar å bygga og driva høgfarts jernbane dersom dei finn det rekningssvarande.

— Men Staten bør ikkje bygga ein slik bane?

— Jernbaneverket bør ikkje ha monopol på jernbanebygging her i landet. Også private initiativ må få plass, seier Sandberg.

Miljøreknestykket ser heilt annleis ut i dei andre partia i transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Entusiasmen for høgfartstog varierer.

SV ser miljøverdien i reduserte utslepp frå fly og bil, og er veldig gira på tevleføre tog.

Arbeidarpartiet er innstilt på å satsa, men set opprusting av det eksisterande jernbanenettet som vilkår.

Senterpartiet meiner at tog er best for miljøet, men prioriterer også vegar. Det kan ikkje gå tog over alt.

Høgre har fremja lovforslag om å få utgreidd ein ring av høgfartsbaner. CO2-utslepp frå fly er blant argumenta.

KrF er positive til utgreiinga, men fryktar at høgfartstog kan bli økonomisk urealistisk.

Venstre har programfesta høgfartsbaner som berebjelke i transportsystemet for framtida.