På Frøystein likar dei dårleg namnebytet:

– Tungvint. Det er ikkje noko anna, seier Johannes Frøystein.

Han har slett ikkje tenkt å endra etternamn, og heller ikkje namn på garden sin, fordi om heradsstyret har gjort vedtak, og det er sett opp skilt til Fryste.

– Eg bryr meg rett og slett ikkje, seier han.

Men han synest det er unødig tungvint at han må fortelja dei som skal til Frøystein at dei må sjå etter skilt til Fryste.

Skilt vart borte

– Namneendringa kom etter ein demokratisk prosess, og det må respekterast, seier Johan Børsheim, som har mange år bak seg i heradsstyret og formannskapet.

Han greidde likevel ikkje hindra at heradsstyret døypte om Børsheim til Byrse og bytte vegskilt i krysset med riksveg 572.

Skiltet vart skrudd ned ei mørk natt, og har vore borte sidan.

– Eg veit ikkje kven som gjorde det, seier han med eit lurt glis. Så lurt at han må mistenkjast for å ha god peiling.

Treskiltet med namna Børsheim og Kvemmadokkje, som er kome opp i staden, tek han fullt ansvar for.

– Folk treng å vita kvar dei skal ta av frå hovudvegen for å koma fram til kulturtilskipingane, seier Børsheim.

Han og kona Torill har invitert til teater med Juni Dahr i løa på Børsheim, og den yngre generasjonen byr årleg på hallingdans og annan kultur på tunet til husmannsplassen Kvemmadokkje i enden av vegen.

Teke av vinden

Sidevegen til Undeland hadde ei kort stund vegskilt til Audneland, men det vart borte på same tid som Byrse-skiltet.

– Du veit, austavinden tek hardt her inne, seier Amund Undeland.

Eit treskilt frå Turistkontoret viser likevel veg til gards, så nytt vegskilt treng styresmaktene ikkje belasta skattebetalarane med.

Amund Undeland meiner at Undeland framleis er offisielt stadnamn, sidan det vart gjort sakshandsamingsfeil. Korkje han eller naboen Lars hadde fått saka til uttale. Dette påpeika dei i eit krast brev til kultursjefen, og sidan har dei ikkje høyrt eit ord.

– Kva ville du ha uttalt?

– At vi vil halda på Undeland, og at Audneland kanskje er heilt feil. Det er ikkje semje mellom fagfolk om opphavet til gardsnamnet. Det kan ha samanheng med at det var aude her. Men opphavet kan like gjerne vera Augneland, fordi ein herifrå kunne augna (sjå) heile bygda, seier Undeland.

Korkje han eller sonen, bluesartisten Olav Undeland, har tenkt å byta namn.

Bakgrunnen for endringane er at dei som har granska gamle skrifter, har funne desse skrivemåtane, fått lokale folkevalde si støtte og gjort framlegg til Kartverket om endringar.