Så lenge det finst lærdalslaks i havet, som kjem tilbake til den parasittinfisete elva for å gyte, blir ein ifølgje ekspertane ikkje kvitt parasittproblemet.

DN har orientert elveeigarlaget i Lærdal om at det også er uheldig å ha ein reserve av lærdalslaks gåande i havet, når laksen kjem frå eit parasittinfisert vassdrag. Elveeigarlaget vurderer ifølgje Sogn Avis å hyra seg med froskemenn med harpun, for å lokalisere og ta livet av laksen i elva i haust.