«Vi har kollidert. Kom med ein gang». Det var meldinga som tikka inn på mobilen til faren i formiddag.

– Det siste eg sa før han drog var, køyr forsiktig, seier faren lettare oppgitt.

Han frykta nemleg at noko skulle skje. Føraren av den svarte bilen skal nemleg ha fått sertifikat for nokre dagar sidan. Bilen med kraftig motor skal han ha hen-ta laurdag.

– Motoren spela nok inga rolle. Dette var rett og slett ei real vannplaning, seier faren.

– Lettare skadde

Politiet fekk melding om ulykka i 13-tida.

– Det er to personbilar som har frontkollidert. Ambulansen er på staden og politiet er på veg. Så langt har vi fått melding om at ein person er skadd, men det skal ikkje vera livstrugande, opplyser operasjonsleiar Harald Aase i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Til saman tre personar blei frakta til Stord sjukehus med ambulanse. Ein frå den kvite varebilen og to frå den svarte personbilen.

– Dei er lettare skadde. Ein vil bli utskriven i løpet av dagen, medan vi vil observera to til i morgon, seier Ørjan Ahrenstedt, klinikksjef på Kirurgisk av-deling ved Stord sjukehus.

– Ris til politiet

Kjell Arve Vatle var førstemann som kom til ulukkesstaden på riksveg 545. Han melde straks frå til politiet.

– Eg fekk melding om at det ikkje var politi som kunne rykka ut på Stord, Fitjar eller Bømlo. Dei måtte koma frå Hauge-sund. Det må vera dagens ris til politiet, seier Vatle.

Då bt.no køyrde frå ulukkesstaden kom politiet køyrande med fulle blålys. 40 minuttar etter at dei fekk meldinga.

– Stordpatruljen hadde konkrete oppdrag i Haugesund i samband med arrestasjon. Dei fekk dermed lengre utrykkingstid enn normalt, seier operasjonsleiar Aase.

I helgane er det ein politipatrulje på vakt som dekker kommunane Bømlo, Fitjar, Stord og nord i Sveio. Fredag og laurdag kveld og natt er det derimot to patruljar med ansvar for same området.

Lena Vermedal