Ministrane Sylvia Brustad, Erik Solheim og Knut Storberget får alle kraftig kritikk for å ha vore fråverande i Sløvågsaka. Norges Miljøvernforbund og Bellona er oppgitt over manglande politisk interesse for å ordne opp etter eksplosjonsulukka.

_**Les også:

— Sløvåg burde vore evakuert**_

— Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) ligg under Justisdepartementet. Eg kan ikkje hugse at justisminister Knut Storberget har vore på bana ein einaste gong, seier fagansvarleg for oljesaker i Miljøvernforbundet, Jan-Hugo Holten.

Unnfallande

I Bellona er dei heller ikkje nemnande imponerte, for å seie det forsiktig:

— Eg har aldri opplevd ei så alvorleg sak der statsrådar er så unnfallande. Både helseministeren og miljøvernministeren bør dra til Sløvåg for å lære. For av denne saka er det verkeleg mykje erfaring å hente. Svært få sit att med ære etter denne ulukka, seier Frederic Hauge i Bellona.

Ifølgje Hauge har det meste gått gale i Sløvåg. Han meiner Statens Forureiningstilsyn sat inne med så mange opplysningar om at drifta ved Vest Tank ikkje var forsvarleg, at anlegget burde vore stoppa før eksplosjonen.

— SFT påviste ei rekkje feil, manglar og avvik under årlege inspeksjonar på anlegget. Og når ulukka var ute stolte dei på informasjonen dei fekk frå Vest Tank.

Påfallande taust

Medan justisministeren til slutt tok turen til Froland for å sjå på skogbrannen der, har han ikkje sett sin fot i Gulen.

— Vi opplevde noko av det same då giardiaepidemien slo til i Bergen. Eg kan ikkje minnast at helseministrane var særleg på bana i den saka. Det har vore Bergen kommune sitt ansvar. Og vi snakkar altså om dei to mest alvorlege miljø- og helsesakene vi har hatt i landet på fleire år, seier Jan-Hugo Holten.

_**Les også:

Sløvågavfall til Tyskland**_

Miljøvernforbundet meiner desse to sakene, samt havaria med «Rocknes» og «Server» viser at den statlege beredskapen fungerer svært dårleg. Og han meiner statlege styremakters handtering av ubåten ved Fedje viser noko av det same folk i Gulen opplever.

— Eg trur det har å gjere med at presset på styremaktene blir for lite, seier Holten.

_**Les kommentar:

Statsrådar i skammekroken**_

Gransking eller høyring

I fjor sommar kravde dåverande kommunal— og regionalminister Åslaug Haga ei uhilda gransking av Vest Tank-ulukka. Tidlegare miljøvernminister Helen Bjørnøy lova at det skulle skje, men ei slik undersøking har aldri blitt gjort. I staden kom DSB i november i fjor med ein rapport som summerer opp interne erfaringar frå dei offentlege instansane som hadde vore inne i saka.

No reiser bellonaleiar Hauge kravet om ei uhilda gransking på ny.

— Direktoratet som har vore involverte i denne saka må gjerne evaluere sin eigen innsats. Men i tillegg bør det kome ei uhilda gransking av korleis styremaktene har handtert situasjonen.

I Miljøvernforbundet er dei nøgde med at Økokrim no etterforskar ulukka. Holten er skeptisk til ei gransking fordi han meiner det ofte kjem lite ut av det.

— Då har eg meir tru på ei høyring i Stortinget.

Er du einig med miljøvernarane? Bruk kommentarfeltet.

Helge Skodvin