• Etter mitt syn har ikkje den mannen ei einaste sperre mot å tene pengar, sa forfatter Stein Morten Lier på krimseminar i Førde i dag.

Leif A. og Stein Morten Lier gjekk til frontalangrep på Kjell Inge Røkke spesielt og norske samfunnstoppar generelt under dei årlege krimdagane i Førde.

– Vi treng andre heltar å sjå opp til enn dei vi har i dag, sa Stein Morten Lier som karakteriserte Kjell Inge Røkke på denne måten: – Er han eit godt føredøme? Etter mitt syn har ikkje den mannen ei einaste sperre mot å tene pengar.

Far og son Lier var henta til Førde for å førelese på eit miniseminar om økonomisk kriminalitet og korrupsjon i samband med arrangementet «Heilt kriminelt – sunnfjordske krimdagar». Begge to gjekk sterkt i rette med det dei karakteriserer som endra haldningar i samfunnet, og samrøre mellom det offentlege og private.

Tette band I

– Det har dukka opp så mange saker rundt Røkke at det etter kvart blir noko påfallande når alle blir lagt vekk. Det burde vore sett i verk ei større undersøking. Det er god grunn til å vere kritisk, seier Stein Morten Lier.

Under føredraget trekte han mellom anna fram avtalen frå i sommar der staten gjekk inn med 4,8 millionar kroner i Aker Kværner. Lier meiner Røkke pressa staten til å gå inn, gjennom å truge med å selje selskapet til Russland. Han sette fram postulatet om at alle russarar som har tent nok til å kunne kjøpe Aker, har ei kriminell fortid.

– Denne saka viser at det er for tette band mellom Røkke og norske politikarar.

Også Leif A. Lier, tidlegare politiinspektør og sjef for etterretningsseksjonen i Oslo, tok eit oppgjer med samrøret mellom styremakter og private aktørar. Han drog fram den nye boka til Kari Breirem, direktør hos advokatfirmaet BA-HR, som varsla om det media døypte Tønnesaka. Hennar påstand er at advokatfirmaet blei brukt som mellomledd for å overføre 1,5 millionar kroner frå Aker RGI til den tidlegare statsråden. Dette måtte gjerast for å skjule at Tønne var inhabil.

– Når vi så opplever at staten ikkje lenge etter går inn med 4,8 millionar i Røkkes selskap, så er det grunn til å lure, sa Leif A. Lier.

Tette band II

Sjølv om Kjell Inge Røkkes namn dukka opp fleire gonger under førelesinga, understreka Stein Morten Lier at det er god grunn til å stille spørsmålsteikn også ved andre samfunnstoppar. Og engasjementet til store norske bedrifter, ikkje minst i utlandet.

– Er det Statoil gjer i Aserbadsjan greitt? I Russland har Telenor bygt seg opp gjennom å samarbeide nært med eit selskap som er vel kjende for å ha tette band til mafiaen. Det verkar som berre du blir stor nok, så er det OK same korleis du har tent pengane, sa Lier som lovar nye avsløringar i boka «Rikets tilstand» som kjem i oktober.

Den tidlegare politimannen Leif A. Lier er oppteken av at vi treng eit heilt anna politi enn dagens for å møte den økonomiske kriminalitet samfunnet står overfor.

– Det trengst ein politietat sett saman av forskarar, økonomar og andre yrkesgrupper i tillegg til etterforskarar. Vi er alt for seint ute. Men satsar vi no, kan vi kanskje ha kome dit om sju-åtte år, sa Lier.

Lettast å ta dei små

Også krimforfattar Kjell Ola Dahl var innleiar på seminaret. Han siterte frå ein av sine eigne bøker der det heiter at spelereglane sjeldan blir følgde når pengane freistar.

I følgje Dahl gjer globaliseringa det vanskeleg å oppklare økonomisk kriminalitet. Samarbeid mellom ulike lands politi er vanskeleg og dyrt. Eit eksempel er den omfattande innsidehandelen som skjedde kort tid før fusjonen mellom Statoil og Hydro blei kjend. Mistanken går mot amerikanske forretningsbankar som fungerte som rådgjevarar. Kredittilsynet har no droppa heile saka.

– Det er i dag lettare å ta ein lastebilsjåfør for rot med momsoppgåvene enn ein stor fisk som svindlar millionar, sa Dahl.