Naudetatane måtte rykke ut til Eikangervågen i Lindås etter at to bilar kolliderte front mot front.

Det var klokka 13.00 at politiet fekk melding om ulukka som skjedde like før Best bensinstasjon ved Eikangervågen.

— Det var tre personar involvert i ulukka. Éin person er sendt med ambulanse til Haukeland, men ingen av dei tre skal vere alvorleg skadd, seier Jan-Tore Heggholmen ved Hordaland politidistrikt.

Vegen er open og det er ingen trafikale problem på staden.

Tips eller bilder? Send MMS/SMS til 2211, eller skrive-post