• Eg har ikkje noko usnakka med Rita Tveiten. I alle dei åra vi har site saman på Stortinget har eg vore open mot henne, seier Ranveig Frøiland.

Forholdet mellom dei to tidlegare Ap-representantane frå Hordaland har ikkje vore direkte hjarteleg opp gjennom åra, etter det ein kunne forstå av intervjuet Tveiten gav til Bergens Tidende fredag.

Begge har no sagt farvel til livet på Stortinget, Frøiland etter å ha møtt sidan 1985, Tveiten sidan 1993, rett nok med knapt eit par års avbrekk.

Ranveig Frøiland vart meir og meir forundra, seier ho, då ho fredag føremiddag sat og lytta medan mannen hennar las opp avisartikkelen.

— Har det ikkje vore grunnlag for å snakka ut med Rita Tveiten?

— Eg vil snakka med henne som eg alltid har gjort. Og eg vil påstå at eg alltid har vore open mot henne i alle desse åra.

— Går det inn på deg, det ho har ført til torgs?

— Nei, men eg lyt forhalda meg til det ho seier. Dei synspunkta ho gir uttrykk for i intervjuet får stå for hennar eiga rekning. Dei vil eg ikkje kommentera ut over det eg har sagt her.

— Er det sårande det ho seier om nominasjonsprosessen? Du var jo leiar av nominasjonsnemnda denne gongen?

— Eg vil ikkje seia anna enn at nominasjonsprosessar er ofte tøffe for dei som er innblanda. Men ein må ikkje gløyma at nominasjonsmøtet står alltid suverent til å velja dei kandidatane det sjølv vil ha på lista. Det skjedde og i fjor, og det måtte Rita Tveiten som alle andre fint finna seg i, seier Ranveig Frøiland til Bergens Tidende.