Påstandane i riksmedia om at Statoil har landets einaste pumpe med biodrivstoff, får Mark Pettit i Eidsvåg til å trekka oppgitt på skuldrene. Han er dagleg leiar i Milvenn AS.

Rett utanfor biodieselfabrikken hans, står pumpa med rein biodiesel. Her kan du fylla klimaeleksir rett på tanken.

— Har du ein bil som ikkje toler rein biodiesel, er det berre å fylla høveleg godt opp med vanleg diesel på ein vanleg bensinstasjon først. Så fyller du biodiesel på toppen. Dei to drifstofftypane blandar seg lett, seier Pettit til Bergens Tidende.

Rapsolje er mest vanleg, men Milvenn bruker frityrfeitt som råstoff. Firmaet samlar sjølv inn brukt feitt frå frityrpanner på hotell- og restaurantkjøken i Bergen, på Os og på Voss. Men dei får også tilsendt råstoff frå andre kantar av landet.

— Prosessen er den same som med rapsolje, men vi må først filtrera bort chipsrestar og anna grums, fortel Pettit.

— Mange kundar?

— Vi vil gjerne ha fleire. Får vi stort nok kundegrunnlag, kan det verta aktuelt å setta opp ei pumpe med vanleg diesel også, slik at dei som må blanda får begge komponentane her.

— Kven køyrer på biodiesel i Bergen?

— Ein del bodbilar og eit par drosjer- Elles er det miljømedvitne privatfolk, seier Pettit.

Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund er begeistra for tiltaket i Eidsvåg.

— Det er flott at ressursane vert nytta på denne måten. Fiskeolje er også prøvt ut som råstoff, men til no har ein ikkje fått det reint nok, seier Oddekalv.

TILBYR REIN BIODIESEL: Mark Pettit i Eidsvåg trekkjer oppgitt på skuldrene når det blir påstått at det berre er Statoil som kan tilby biodiesel.