Når landbruksminister Lars Sponheim i dag presenterer endringane i lova om konsesjon ved kjøp av fast eigedom, går framlegget ut på å heve konsesjonsgrensa frå 20 til 100 dekar. Men det må ikkje vere meir enn 20 dekar fulldyrka areal.

Ein konsekvens av lovendringa er at mange mindre landbrukseigdommar kan omsetjast fritt til høgstbydane, utan bu— og driveplikt. Å vite eksakt kor mange vestlandsbruk dette vil gjelde, er svært vanskeleg. I Hordaland fell truleg i underkant av 3000 eigedommar innanfor kategorien, i Sogn og Fjordane noko over 2000. På landbasis blir talet stipulert til mellom 20.000 og 25.000. Men mange av desse er eigedommar der gardsdrifta alt er avvikla, og der bruket fungerer eine og åleine til bustadføremål.

Bakgrunnen for lovendringa er aukande etterspørsel etter små landbrukseigedommar. Intensjonen er at nye eigarar skal slå seg ned på småbruk som har blitt, eller er i ferd med å bli, fråflytta.

Skeptikarane trur rikfolk vil nytte høvet og kjøpe opp bruk i utkantane til feriebustader, og at frisleppet ikkje vil føre til meir fast busetnad i utkantane. Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane er mellom dei som har vore opptatt av at dette kan bli ein effekt.

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Alf Støfring, trur ein konsekvens kan bli store prisskilnader.

— Eit småbruk med ein attraktiv fiskerett kan gå for ein svært høg sum. Nabogarden, som ikkje har ein slik rett, vil bli prisa langt lågare. Eg ser ein fare for at små eigedomar som kan seljast fritt, vil bli omsette for langt høgare summar enn store gardsbruk der det er konsesjon, påpeikar Støfring.

Regelendringa vil også gjere det attraktivt å avhende eigedomar i sentrale strok. Nær tettstader og byar vil landbrukseigedommar kunne bli attraktive for bustadføremål, og dermed nå svært høge prisar.