Etter at venterommet på Ranavik vart utsett for hærverk, har det blitt gjennomført reparasjonar. Mellom anna er det sett inn eit nytt vindauge på handikaptoalettet, melder avisa Kvinnheringen.

Problemet er berre at vindauget er av typen vanleg, gjennomsiktleg glas. Dermed er det lite privatliv å få for tissetrengte i Ranavik.

— Ein glipp, vedgård Per Inge Naterstad i Statens vegvesen overfor avisa.

Han lover at ugjennomsiktig glas skal kome på plass.

— Dette må vi få ordna opp i, folk må jo få sitje i fred, seier Naterstad til Kvinnheringen.

Ville du ha gått på do her? Sei di meining.

John Karl Sætre/Kvinnheringen