Etter to års utprøving med 14 sjølvbetjente utsal, blant anna eitt i Bergen, kan Vinmonopolet og kommunane heretter sjølve avgjera om det skal vera sal over disk eller sjølvplukk frå reolar.

20 i distriktet

Totalt skal statsbedrifta oppretta 30 nye utsal neste år, 20 av dei i distriktet. Ved utgangen av neste år kan det vere heile 70 sjølvbetjente utsal, etter statsmonopolets plan. Alle nyoppretta polutsal blir heretter i prinsippet innreidde som sjølvbetjente, dersom kommunane går inn for det, opplyser Vinmonopolets informasjonssjef Jan Egil Aase til Bergens Tidende.

Også ved renoveringar i eldre utsal blir det klargjort for sjølvbetjening.

Meir sal, mindre kø

Ei evaluering av prøveordninga i Bergen og 13 andre stader viser eit meirsal av øl med 30-40 prosent, vin med 10-15 prosent og brennevin med 5-10 prosent i forhold til tradisjonelt sal over disk.

— Ein gjennomsnittskunde i sjølvbetjente utsal kjøper 2,65 liter drikkevarer kvar gong dei handlar. I våre andre 130 utsal kjøper gjennomsnittskunden 2,35 liter, seier informasjonssjef Jan Egil Aase.

Vinmonopolet vil òg gjere framstøyt i Bergen, Trondheim og Oslo for å få fleire sjølvbetjente utsal.

— I forhold til disksal vil sjølvbetjente utsal redusere køane i rushtider. Vi reknar med ein effektivitetsauke på 30 prosent, seier informasjonssjefen.

Sju nye før nyttår

Før år 2001 er ute, vil Vinmonopolet ha auka talet på sjølvbetjente polutsal frå 14 til 21. Overgangen til sjølvbetjente utsal er i tråd med utviklinga i Sverige og Finland, der det også er statsmonopol på sal av vin og brennevin. Vinmonopolet reknar ikkje med å måtta seia opp folk som følgje av overgangen frå disksal til sjølvbetjening. Meir rasjonelle butikkar blir kompensert med fleire utsal.