Det var smil og mykje vakker dialektføring då dei mest nynorsktalande i bystyret i går inviterte til interpellasjonsdebatt om målbruk i kommunen.

Med velmodulert rogalandsrøyst påpeika Kristian Helland at Bergen kan hende er den største nynorskbyen i Noreg.

— Kan hende i verda, lydde overbodet frå SVs Oddny Miljeteig.

Då reinska byrådsleiar Monica Mæland røysta og las opp ei utgreiing på prikkfri normalnynorsk. Bystyret bar nok over med at ho knota det til ein smule.

— Eg hadde sett meg ut rolla som det bondske østlandsalibiet, men ser at byrådsleiaren har tatt den posisjonen, sa Stine Akre (RV) med eit smil.

I det heile var det mange smil og mykje åtgaum til meldinga frå Mæland om at Bergen er språknøytral. Dei byråkratar som ønskjer å nytte nynorsk skal få lov til det.

— Vi skal nok klare å tolke en og annen sak på nynorsk, lovet Hilde Onarheim (H).

Berre Frank W. Hansen (Pensjonistpartiet) bryska seg mot det språklege frisleppet:

— Det er skandaløst at Bergen er språklig nøytral, sa Hansen. Som vil ha seg fråbede saksframlegg på nynorsk.