Nesten kvar fjerde offentlege tannlegestilling i Sogn og Fjordane stod ledig i 2007. Det er den mest prekære mangelen i Norge sør for Stjørdal.

— Vi er ein utkant. Sjølv dei plassane vi ser på som sentrale her i fylket, er for mange andre framleis utkantstrøk, seier Erik Orten, fylkestannlege i Sogn og Fjordane.

Tannlegemangelen har gitt tannpine i Sogn og Fjordane i årevis. Fjorårets ubesette stillingar er likevel den største mangelen på mange år, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Ingri blei verande

I tillegg går snart mange av dei offentlege tannlegane av med pensjon. Det vil gjere situasjonen til ei endå større tannpine, trur Orten.

— Det er ikkje spesielt for vårt fylke, men eit problem over heile landet. Dei store tannlegekulla, dei blir veldig snart pensjonistar, seier Orten.

For dei som skal tilsette tannlegane, er jobbmarknaden til å gnisse tenner over: I fylket er det per i dag ni ledige stillingar for tannlegar, frå Måløy i vest til Årdal i aust. I tillegg manglar også fleire tannpleiarar.

Ingri Yddal kom til Eid tannklinikk på Nordfjordeid i 2006 - etter intens rekruttering blant tannlegestudentane ved Universitetet i Bergen.

— Det har vore lite folk før her i Eid. No er vi to som er ganske nyutdanna. Men vi ser mangelen ved at vi må ta imot pasientar frå andre stader, seier Yddal.

Same året som Yddal starta i jobben, kom nemleg fem andre nyutdanna tannlegar med ho. Alle frå Sogn og Fjordane.

Bygdeslit

— Dei fleste har blitt, i Sogndal, Stryn og Førde. Men dei andre har nok flytta på seg, seier Yddal.

Ho syns mest synd på dei som bur i dei mindre bygdene, dei utan tannlege.

— Både på Bremangerlandet og i Svelgen har tannlegane gitt seg. Det er nok strevsamt å ikkje alltid vite heilt kor dei skal. Dei blir sendt hit og dit, til oss eller til Florø, seier Yddal.

Problemet med få tannlegar har vore der i mange år. Få kjem, og av dei som kjem, blir færre.

— Men rekrutteringstiltaka våre har hatt ein viss effekt. Vi prøver å ta imot mange på sommarjobbar og praksis. På den måten blir nokre verande, seier fylkestannlege Orten.

Eit anna tiltak er gullkanta for småbarnsforeldre: Tannlegar med barn under 6 år får ein dag fri i veka, med full løn.

Mangel i Førde

Til saman er det rundt 40 tannlegar i den offentlege tannhelsa i Sogn og Fjordane. Dessutan kjem like mange privatpraktiserande. Blant dei er det meir stabilt.

— Ingen privatpraktiserande har lagt ned siste åra, det er like mange no som for ti år sidan, seier tannlege John Svanevik. Han driv privatpraksis i Sogndal, og er styremedlem i Sogn og Fjordane Tannlegeforening.

Samtidig er det behov for fleire. Særleg i Førde.

— Det er mange private der allereie, men der er det vanskeleg å kome til både hos private og offentlege. Det er for liten kapasitet, seier Svanevik.

Sei di meining om tannlegemangelen her.

Øystein Torheim