Onsdag klokka 13.28 fekk politiet melding om ein fritidsbåt som slo mot land i Solviksundet i Fjell kommune.

Brannvesenet sendte ut ei redningsskøyte til båten, som hadde ei kvinne om bord.

— 13.49 fekk vibekrefta frå brannvesenet at personen var trygt på land, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal ved Bergen politidistrikt.

Skadeomfanget på kvinna og båten er ukjend.