— Me skjønar rett og slett ikkje kva som kan ha skjedd. Det er både uforklarleg og spesielt. Me har drive frisørsalong i 30 år og har ikkje vore borti liknande verken før eller etter, og eg vil understreka at me er veldig lei oss, seier medeigar Sigmund Sævareid av frisørsalongen Hårgalleriet på Lagunen.

Til Paris

Innehavar Marianne Løvås avviser at frisørsalongen kan klandrast etter episoden.

— Det heile er eit stort mysterium. Vines betalte for timen og skal ha vore nøgd og i fin form då ho forlot salongen vår etter behandlinga. Det vart brukt eit stripepulver frå Matrix, som me har brukt i årevis, seier ho.

— Me har vore heilt til Paris for å henta inn dokumentasjon på at det ikkje var noko gale med produkta som vart brukte, skyt Sævareid inn.

Han fortel at Hårgalleriet fekk eit erstatningskrav på 80.000 kroner frå Vines.

— Me såg ikkje at det kunne vera grunnlag for ein erstatning i den storleiken. Men me tok saka alvorleg, og dekka Vines sine lege- og transportkostnader. Me tykte jo sjølvsagt synd på jenta, seier Sævareid.

- Eineståande tilfelle

Overlege Einar Eriksen ved brannskadeavdelinga på Haukeland Universitetssykehus fortel at han aldri har høyrt om frisørbesøk som har ført til brannskadar av slik art.

— Det som skjedde med Vines må vera eit eineståande tilfelle. Skal eg prøva meg på ein kvalifisert gjetting så må det ha oppstått ein etseskade, trur han.

I november i fjor skreiv Aftonbladet om den svenske 12-åringen Jenny Smith. Også ho fekk tredjegradsforbrenning i hovudbotnen etter å ha stripa håret på ein salong i Visby. Bleikningsmiddelet som vart brukt då heiter Color Graphics og kjem frå L'Oreal.

— Me har brukt same middel og same metode tusenvis av gonger utan at noko har skjedd. Det er forferdeleg, uttalte Annelie Frick, som har vore innehavar av salongen i 31 år.