OVE ARNE OLDERKJÆR Med flunkande nytt bygg for sjukepleiarutdanninga på Stord, er den hordalandske delen av Høgskolen Stord/Haugesund — Campus Rommetveit - blitt ein fleirearta studentstad mellom Bergen og Stavanger.

Denne veka tek 370 sjukepleiestudentar sine første prøvande steg på campusen etter flytting frå tronge kår på Ådland tre kilometer unna.

Frå moral til studentøl

— Sjukepleiarstudentane vil betra studentmiljøet her. Før hadde vi nesten ikkje kontakt med dei. No blir det ein meir samla studentmasse på Stord, seier førskulelærarstudent Kari Idsøe (22), medlem av fadderstyret som skal gje nye studentar ein mjuk start på Rommetveit.

Framleis er det lærarutdanninga som er grunnpillaren i høgskulestudiane på Stord. Alt i 1839 samla sokneprest Claus Daae dei første 22 lærarstudentane på Storøens Seminar under Bergens stift.

I eit lite hus som presten kosta sjølv fekk seminaristane opplæring i dåtidas skulefag, dessutan i moral og religiøs oppseding.

Spranget er stort frå lærarutdanninga i prestegarden til dagens Campus Rommetveit. I studenthuset Granheim er det studentkoskveldar med skjenkeløyve og t-skjortefestar (i går kveld) med eigne fargekodar til single og opptekne studentar.

Pendel-studentar

Trass aukande studentmengd og eigen treffstad på Leirvik gjer ikkje studentane mykje av seg på Stord. Det kjem seg av at dei fleste er frå Sunnhordland og Nord-Rogaland, og er anten dag- eller vekependlarar.

— Men kanskje det skjer meir i helgane no. Fleire av dei nye studentane kjem langvegs frå, nokre også frå utlandet, seier Janne Beth Nes Halvorsen (24), siste års allmennlærarstudent og fadder for nye studentar.

170 av studentane på Rommetveit bur på den nyrenoverte elevheimen tett ved skulen. Alle husværa har breidbandoppkopling med fri bruk for 100 kroner månaden.

Ein tredje fadder, allmennlærarstudent Asbjørn Sveinsgjerd Hveem (22) fortel om eit omfattande fadderprogram for at nye studentar skal finna seg vel til rette på Stord. Konkurransar og bading, rebusløp i Leirvik sentrum, filmkveld, quiz-kveldar, 80-talsparty, fjelltur, konsertar og stand up-show, blant anna.

Vil vidare

Med sjukepleiarskule til 58 millionar kroner og ein ny kunstgrasbane har Høgskolen Stord/Haugesund gått gjennom ei merkbar fornying på Stord.

Høgskuledirektør Rune Jørgensen meiner staten har vist vilje til å satsa på den høgskuleistitusjonen mellom Stavanger og Bergen. Med blant anna eit stort nybygg i Haugesund har Statsbygg investert i alt 350 kroner på den ti år gamle høgskulesamanslutninga.

Men Campus Rommetveit vil ikkje stoppa med det. Ifølgje Jørgensen blir det planlagt ein ny idrettshall og nytt symjebasseng, og ei opprusting av musikk- og formingsavdelingane. Dessutan skal skulen tilretteleggjast for trådlaust nettverk slik at studentane kan kopla seg opp med pc-ar på heile anlegget.

— I og med at gradstrukturen er lagt om, vil vi også leggja til rette for ei meir fleksibel utdanning, seier direktør Rune Jørgensen.

I tillegg til allmennlærar-, førskulelærar- og sjukepleiarutdanning tilbyr høgskulen på Rommetveit eit masterstudium innan IKT (informasjon- og kommunikasjonsteknologi) og læring, fagstudium i idrett, musikk og engelsk, faglærarutdanning, og det internasjonale friluftslivskurset «Fjord og bre».

STYRKT MILJØ: Lærarstudentane Asbjørn Sveinsgjerd Hveem, Janne Beth Nes Halvorsen og Kari Idsøe (t.h.) trur på eit sterkare studentmiljø når Høgskolen Stord/Haugesund sine 1200 studentar på Stord no er samla på Rommetveit.<p/>FOTO: HELGE SUNDE
CAMPUS ROMMETVEIT: Med nytt hus for sjukepleiarutdanninga, ny kunstgrasbane, eige studentbygg og planar for ytterlegare opprusting er Høgskolen Stord/Haugesund i ferd med å bli eit komplett høgskulemiljø, meiner studentane Asbjørn Sveinsgjerd Hveem og Janne Beth Nes Halvorsen. I bakgrunnen det 80 år gamle gymnastikkbygget.<p/>FOTO: HELGE SUNDE
NYTT PÅ GAMMALT: Sjukepleiarutdanninga på Stord har fått eit moderne anlegg på tradisjonsrik studentgrunn, teikna av Link Arkitekter.<p/>FOTO: HELGE SUNDE