ARNE HOFSETH

Vassforsyninga på Bjorøy har til no vore basert på private løysingar, takvatn, brønnar og grunnvassboring. Omfanget av sistnemnde har etter kvart blitt så stort, at det sig inn sjøvatn i grunnvassbassenget når det blir tappa mykje vatn i heimane. Dermed opplever enkelte saltsmak frå vatnet i springen.

Det er Sverre Ottesen som fortel dette til Bergens Tidende. Han er dagleg leiar i Fjellvar AS, selskapet som mellom anna skal syta for vatn til innbuarane i Fjell kommune. Og Ottesen har planen klar for å betra tilhøva.

— Nordre del av Bjorøy skal få kommunalt drikkevatn frå Fjell. Det er vedteke i det kommunale investeringsprogrammet. Arbeidet kjem i gang rett over sommaren, fortel Ottesen.

Men han tek straks atterhald om problemfri sakshandsaming av byggemeldinga i kommunen, Kystverket og Hamnevesenet. I heldigaste fall kan dei første øybuarane ha kommunalt vatn innlagt til jul, og hovudleidning framme i Bjorøyhamn etter eitt års arbeid.

— Vi tek utgangspunkt i leidningen som i dag endar på Brattholmen. Første stopp blir Snekkevik, der 50 husstandar kan knyta seg til. Derifrå blir det ein sjøleidning over til Bjorøy, og vi grev oss tvers over øya til Bjorøyhamn, seier Ottesen.

Ut frå denne hovudleidningen vert det sidegreiner som dekker nordre delen av øya. Kostnadsfordeling mellom kommune og private er ikkje fastlagt.

— Søre delen av Bjorøy får vi ikkje med oss i denne omgangen, vedgår Ottesen.

— Og Tyssøy?

— Tyssøy ligg i Sund kommune, og er i utgangspunktet Sund sitt problem. Men vi samarbeider gjerne når det blir aktuelt.

Arne Bergo i Sund Vatn- og Avløp AS opplyser til Bergens Tidende at kommunen ikkje har vassforsyning til Tyssøy på agendaen. Når det ein gong blir aktuelt, kan det godt tenkast at løysinga blir ei sidegrein frå Fjell si planlagde leidning til Bjorøyhamn. Men det er teknisk ikkje noko i vegen for at søre delen av Bjorøy får vatn frå Sund, via Tyssøy.

Då kan det bli aktuelt med vassleidning i sjøen frå Haganes, som ligg i Fjell, men får vatn frå Sund.

Bjorøy og Tyssøy er eit attraktivt område til husbygging rett på utsida av Bergen si bygrense. Folketalet har auka sidan Bjorøytunnelen i 1996 gav fastlandssamband i staden for ferje. Og frå laurdag klokka 13 var det slutt på bompengane.