I vår reiste miljøforkjempar Kurt Oddekalv og lokalbefolkninga i Bremanger knallhard kritikk mot trålinga etter tare i det svært viktige oppvekstområdet for fisk. Påstanden var at trålnæringa raserte sjøbotnen. Til Bergens Tidende sa Oddekalv at botnen såg ut som ein ørken.

Forskar Jan Helge Fosså ved Senter for marint miljø på Havforskingsinstituttet meiner derimot han ser heilt normal ut. Han har saman med Fiskeridirektoratet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen og taretrålarnæringa undersøkt fleire område i Bremangerpollen i vår og sommar.

Inst i pollen, der Oddekalv ifølgje instituttet gjorde opptak med undervasskamera, er vekstmiljøet skrøpeleg for tareskog. Store delar av dette området har sandbotn, noko som gjer at taren har vanskeleg for å feste seg. Konklusjonen er at det like gjerne kan vere miljøtilhøva som gjer at tareskogen her er i dårleg forfatning.

— Men lenger ute i pollen, der det blir drive aktiv tråling, er tilhøva heilt annleis. Sjølv om det er tydelege spor etter tråling, er tareskogen elles kraftig og sunn, seier Fosså til Fiskets Gang.

I vinter dreiv store mengder tare i land på strendene i Bremanger. Lokale fiskarar gav taretrålarane skulda, og hevda dei berre får ein brøkdel opp i båten. Mesteparten av taren blir liggjande avriven att på sjøbotnen, for så i drive i land når haust- og vinterstormane kjem.

Men havforskarane har ein annan teori:

— Den varme seinsommaren i fjor gav høge sjøtemperaturar. Norske tareartar er skapte for kaldt klima. I varmt vatn blir dei slappare, og slepper lettare taket i botnen. Stormar kan då lett slite taren laus, og føre den inn mot land. Dette kan vere årsaka til at det i vinter og vår var store mengder laus tare inst i Bremangerpollen, meiner Jan Helge Fosså.

Havforskingsinstituttet meiner trålinga ikkje har negative konsekvensar. Etter 35 år med industriell hausting av tare har det vore uråd å måle langsiktige skadeverknader.

NORMALT: Tareskogen i Bremangerpollen er ikkje skadd, meiner forskar Jan Helge Fosså. Her får undersøkingane i vår.<p/> ARKIVFOTO: RUNE TROHJELL