Gjennom fleire år har den 4.000 kvadratmeter store hovudbygningen og ei rekke andre bygningar stått til forfall, til fortviling for kommune og lokalsamfunnet i Luster.

Eigedommen omfattar både fallrettar, bygningar og skog, og er i dag eigd av eit aksjeselskap kontrollert av Tinfoss AS (66 prosent) og Lars Orra (34 prosent) frå Hålandsdalen.

— Vi har inngått ein avtale med ei gruppering som jobbar med eigedomsutvikling i Sogn og Fjordane, fortel styreleiar Tor Søve Syverud i Harastølen AS.

Mellom 60 og 80 mill.

Ifølgje Syverud er det for tidleg å gå ut med detaljar i avtalen, men han opplyser at den mellom anna regulerer eigarskapen til bygningsmassen på Harastølen.

— Blant anna gjennom reportasjar i BT i 2004 er det dokumentert langt framskride forfall på Harastølen. Meiner de verkeleg at dette enorme bygget enno kan bergast?

— Ja, det har heile tida vore intensjonen vår, og vi trur det skal vere mogeleg å få til, seier Syverud. - Det viktigaste for oss er no å greie ut eit konsept for framtidig drift av anlegget.

— Kva vil dette gå på?

— Det er innanfor turisme og fritid. Målet er å få inntekter som kan forsvare dei investeringane som må til.

Og det er ikkje småpengar som trengst. Ifølgje Syverud må ein rekne mellom 15.000 og 20.000 kroner kvadratmeteren i rehabiliteringskostnader, og dermed ein samla innsats på mellom 60 og 80 millionar kroner.

— Vi i Tinfoss har jo hovudsakleg interessert oss for dette på grunn av kraftproduksjonen. Derfor ønskjer vi å sleppe til andre aktørar som har kompetanse på turisme og reiseliv, seier Syverud.

Dersom selskapet kjem i mål med å rehabilitere bygningane, er det ifølgje Syverud svært aktuelt å seksjonere bygningsmassen ut på fleire ulike eigarinteresser.

Mislukka forsøk

Ikkje berre bygningane på Harastølen har behov for at noko snarleg skjer. Også Harastølen AS har trong for å rette opp sin negative driftsbalanse, for selskapet har levert raude tal alle dei tre siste åra - totalt ein minus i perioden på drygt 850.000 kroner.

Det var i 1999 at Harastølen AS overtok «ørnereiret» over Lustrafjorden, og også den gongen var meininga å trekkje inn eksterne investorar for å bygge ut turist- og rekreasjonsfasilitetar. Men målet på 60 millionar kroner vart aldri nådd, sjølv om Luster kommune gjekk inn med nesten to millionar kroner i lån og støtte.

Håpet er no at industrikjempa Tinfoss på eigarsida skal gje prosjektet ei heilt anna tyngd enn førre forsøk.

ÅREVIS MED FORFALL: Murpuss og maling skallar av den svære hovudbygningen på Harastølen i Luster. Store summar må til for å ruste opp den ein gong så staselege hovudbygningen på 4.000 kvadratmeter. Folk i bygdene langs Lustrafjorden har reagert på forfallet som breier om seg på Harastølen. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH