Kommune for kommune vil kartet syna eit fylke med store og verdfulle friluftsområde. Til fjells, i strandsona og på sjø. Men meir enn ein reiskap til planlegging av utflukter, vil kartet vera ein del av det grunnlagsmaterialet som kommunane i framtida skal bruka til å avgjera korleis arealet skal nyttast.

Eit viktig argument for å laga ein oppdatert oversikt over friluftsområda i fylket har vore å sikra at friluftsinteressene ikkje blir tilsidesett i arealforvaltninga. Den førre oversikta er allereie snart 20 år gammal, og utviklinga syner at det skjer ei langsam nedbygging av areal som har verdi for utøving av friluftsliv. Dette gjer det vanskelegare enn det elles ville ha vore å følgje opp statlege mål når det gjeld til dømes folkehelse, friluftsliv og oppvekstmiljø for born og unge.

Det er eit toårig prosjekt som med dette er i ferd med å bli avslutta. Prosjektet har hatt som føremål å registrera og verdsetja alle regionale friluftsområde i Hordaland.

Faglege vurderingar

— Registreringa er ikkje juridisk bindande. Det betyr at ingen av dei registrerte områda med dette er bandlagt og unnateke frå framtidig utbygging. Men registreringa vil vera eitt av elementa i diskusjonen når kommunane skal avgjera kva område som skal byggjast ut og kva område som ikkje skal rørast, seier leiaren i styringsgruppa for prosjektet, Marit Rødseth.

Som regionalt friluftsområde blir rekna større samanhengande friluftsområde med mange brukarar, gjerne også brukarar frå andre kommunar. Regionalt friluftsområde kan også vera eit mindre område med særskilde kvalitetar.

Dei registrerte friluftsområda er vurderte etter kriterium fastsett av Direktoratet for Naturforvaltning. Slik er det strengt faglege vilkår som ligg til grunn for graderinga ein kjem fram til. Friluftsområde i kategori A blir rekna som svært viktige, kategori B som viktige, medan kategori-C-friluftsområde berre er registrert.

Instinktiv skepsis

Om friluftsområde i kategori A heiter det at det her «ikkje bør skje inngrep eller utbygging». Kategori B er område «der det ikkje bør skje inngrep som fører til at funksjonen som friluftsområde blir forringa», medan kategori C er område «der delar kan omdisponerast eller fortettast etter grundige vurderingar av rekreasjonsverdiane».

Kvamskogen er mellom friluftsområda i fylket som blir rekna som svært viktige. Det same gjeld Byfjella i Bergen.

Marit Rødseth fortel at det nok har vore skepsis til registreringa i somme kommunar, men mest fordi det nærast instinktivt vil bli stilt spørsmål ved alle registreringar ein ikkje kjenner konsekvensane av.

Stolte over friluftsområda

— Men aller mest har registreringa vist at kommunane er stolte over friluftsområda sine og gjerne ser at dei blir verdsette også regionalt. Kanskje ser dei at dei kan gje grunnlag for reiselivssatsing som ein del av kommunen sin attraksjonsverdi, seier Marit Rødseth. Ho viser til kommunar i Nordhordland som gjerne hadde sett at fleire blei kjende med dei kvalitetane som der finst til dømes når det gjeld padling i ferskvatn.

— Det er ingen tvil om at denne registreringa har bidrege til at kommunane er blitt meir medvitne om sine eigne kvalitetar, seier Marit Rødseth.