Frikjent for kidnapping

Den fråskilte barnefaren frå Kvinnherad som er dømt for eitt tilfelle av bortføring av eigne born i 1998 og frikjent for eit seinare tilfelle av kidnapping av eine sonen, er i Sunnhordland tingrett tilkjent 20.000 kroner i oppreisning frå staten.

Mannen kravde i alt 88.000 kroner i erstatning til å dekkja blant anna eigne saksførebuingar, møte med advokat, tapt arbeidsforteneste og tort og svie for sjukdom han hevdar var resultat av saka frå 2001 som han blei frikjent for.

Tingretten avviser krava frå barnefaren, men tilkjenner han skjønsmessig 20.000 kroner i erstatning for den psykiske påkjenninga straffeforfølginga har vore for Kvinnherad-mannen. Retten dømer også staten til å dekkja saksøkjaren sine saksutgifter på 7950 kroner og rettsgebyret på 4225 kroner.

Striden mellom mor og far om to søner toppa seg i 1998 då faren drog til gutane si mor i utlandet og tok ungane med seg heim til Noreg, og i 2001 då eine sonen ikkje drog tilbake til mor etter endt pappaopphald i Norge.

Guten, som i dag bur med faren i Kvinnherad, blei tvangshenta av barnevernet assistert av politi, ein episode som blei filma og sendt på TV2-nyhenda. Den andre sonen bur med mora i utlandet.

Les også

Siste fra Lokalt

- Må vente til august

- Ingen er tjent med forhastede slutninger, mener politi og Justisdepartement.

- Kommisjonen er blitt en sovepute

Gang på gang viser myndighetene til 22. juli-kommisjonen når de får vanskelige spørsmål om terroren.

Sydneshaugen kan bli barneskole

Rehabiliteringen av Møhlenpris skole ventes å ta tre år. Byrådet håper å ta i bruk lokalene på gamle Sydneshaugen skole eller en midlertidig skole på Møhlenpris.

Brannutrykning til hotell

Brannvesenet rykker ut til Hotel Admiral klokken 23.40.

Rykket ut til bilbrann

Brannvesenet rykket ut til Wergelandsalleen etter melding om en bilbrann tirsdag kveld.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger