Mannen kravde i alt 88.000 kroner i erstatning til å dekkja blant anna eigne saksførebuingar, møte med advokat, tapt arbeidsforteneste og tort og svie for sjukdom han hevdar var resultat av saka frå 2001 som han blei frikjent for.

Tingretten avviser krava frå barnefaren, men tilkjenner han skjønsmessig 20.000 kroner i erstatning for den psykiske påkjenninga straffeforfølginga har vore for Kvinnherad-mannen. Retten dømer også staten til å dekkja saksøkjaren sine saksutgifter på 7950 kroner og rettsgebyret på 4225 kroner.

Striden mellom mor og far om to søner toppa seg i 1998 då faren drog til gutane si mor i utlandet og tok ungane med seg heim til Noreg, og i 2001 då eine sonen ikkje drog tilbake til mor etter endt pappaopphald i Norge.

Guten, som i dag bur med faren i Kvinnherad, blei tvangshenta av barnevernet assistert av politi, ein episode som blei filma og sendt på TV2-nyhenda. Den andre sonen bur med mora i utlandet.