— Retten har funne at dei bevisa politiet la fram i retten, ikkje er gode nok. Dommen er ei god vurdering av kva bevisbyrde påtalemakta har, seier mannens forsvarar, advokat Jan Tollefsen.

I Indre Sogn tingrett la politiet ned krav om eitt års fengsel for butikksjefen, som no har har slutta i stillinga.

Det var den 10. juli i fjor at ransalarmen gjekk på Årdalstangen. Til politiet fortalde butikksjefen at han var blitt rana på kontoret sitt av to personar på føremiddagen. Begge var ifølgje forklaringa maskert med finlandshette, og den eine hadde eit skytevåpen i handa.

Dette førte til at politiet gjekk til storaksjon, og sperra av samtlege vegar ut av Årdal. Men politiet kom aldri på sporet av dei påståtte gjerningsmennene, og konkluderte med at eit ran truleg mått vore utført av folk som var lokalkjente i butikk og nærmiljø.

— Retten har gjort ei heilskapsvurdering av bevsa, og kome til at dei ikkje held tl domfelling, seier forsvararen.

— Personleg oppfattar eg det slik at grunnlaget for tiltalen var at politiet aldri kom på sporet av nokon andre enn min klient som kunne vere skuldige.

Dommen i Indre Sogn tingrett er samrøystes, men retten uttrykkjer tvil rundt skuldspørsmålet. Men i strafferetten skal som kjent slik tvil komme den tiltalte til gode.

Butikksjefen har heile tida halde fast på at han er heilt uskuldig, og har sagt at tiltalen kom som ei bombe på han.

Påtalemakta meinte han underslo to dagsomsetnader på 30.000 kroner kvar, og deretter påstod at pengane vart tekne av væpna ranarar. Mannen har slutta i Kiwi, men er korkje oppsagt blitt eller politimeldt av verksemda.