Nesten 50.000 liter bunkersolje hamna på sjøen då vraket av havaristen MS «Server» skulle tømmast for olje ei februarnatt i 2007. Statsadvokaten meinte bergingsselskapet burde betala 1,5 millionar kroner i bot for mangelfull opplæring og instruksjon av to innleigde pumpevakter.

No har Nordhordland tingrett einstemmig frikjent Kvinnherad-selskapet.

**Les også:

Forlot jobben — olje rant ut**

Blir trudd

Eide Marine Services blir trudd på påstanden om at det var gitt instruksar til vaktene om å overvaka oljelensinga kontinuerleg. Pumpevaktene oppfatta på si side Eide slik at det var ok å ta pausar på land medan lensepumpene gjekk. Eide nekta å betala bota, og engasjerte advokat Dag Steinfeld til rettssaka som dermed var uunngåeleg.

Ifølgje dommen let dei to vaktene det gå minst tre timar mellom to kontrollar av pumpene på havaristen. Blant anna var dei og kjøpte mat på ein bensinstasjon utanfor CCB-basen på Ågotnes.

Ein gong i timen

Pumpevaktene har forklart at dei oppfatta Eide Marine Services sine representantar som at det var nok å kontrollera ein gong i timen.

Då dei to mennene etter ein pause på land gjekk om bord att i «Server»s baugparti klokka 2.30, var oljelekkasjen eit faktum.

Politiet starta straks etterforsking av uhellet. Pumpevaktene fekk status som mistenkte, men politiet la bort saka mot dei ut frå at bevisa ikkje var sterke nok.