Torsdag kom oppturen. Karmsund tingrett sin dom over nettopp Geir Sælevik var knusande.

— Prosessen har vore lang, og den har kosta både tid, krefter og pengar. Men eg er stolt over at me har fått fram sanninga om Geir Sælevik, seier den yngste syster hans, Kristin Haustavik.

Dokumentforfalsking

Sælevik - som Haustavik hevdar ho aldri har sett på som noko bror - sit ribba tilbake. I tingretten saksøkte han mora, begge systrene og ein svoger for årelange konspirasjonar, sabotasje og forfølging. Erstatningskravet var på over 5 millionar kroner. I staden må han ut med over 600.000 kroner i sakskostnader. I tillegg er avtalen om eigedomsrett til mora sin eigedom heime i Sælevik i Fitjar kommune kjent ugyldig. Retten legg blant anna til grunn at Geir Sælevik har forfalska mora si underskrift på den tinglyste tilleggsavtalen som gav han kjøpsopsjon på eigedomen fram til 2010.

Retten er også knallhard på at det er grunn til å tru at Geir Sælevik har stått bak seksuelle overgrep mot si eldste syster i oppveksten.

— Eg er både skuffa og overraska over at retten ikkje har trudd på verken oss, vitna våre eller bevisa me førte. Dommen er som eit ekko av motparten sine anførslar, seier Sælevik.

Han undrar seg spesielt over retten si vurdering i falsknerispørsmålet.

— Det var jo eg som engasjerte skriftsakkyndig. Hadde eg forfalska underskrifta er dette noko eg ville ha halde meg klar, seier han.

Motparten sin advokat, Haldor Tveit, ber Sælevik førebu seg på strafferettslege etterspel som følgje av dokumentforfalsking.

— Dette er eit forhold som politiet skal etterforska på eige initiativ. Det treng ikkje ein gong meldast, opplyser han.

- Kosta oss dyrt

Kristin Haustavik er letta og glad etter domsslutnaden.

— Geir Sælevik har fått støtte frå både media og politikarar, utan at nokon har brydd seg med å undersøkje påstandane hans. Karmsund tingrett har ein dommar som turte å bryta gjennom materien og gå heilt i botn av saka, seier Haustavik som håpar ho snart kan få eit normalt liv.

— Magen knyter seg kvar gong eg opnar postkassen og finn eit advokatbrev, fortel ho

Men det ser ut til at ho må bretta opp ermane og stålsetja seg til endå ein runde. Sælevik har bestemt seg for å anka saka vidare til lagmannsretten. Til den runden er allereie stjerneadvokat John Christian Elden hyrt inn.

— Me har ikkje vore flinke nok til å kasta lys over dei faktiske forholda i saka. Me må førebu oss betre til neste korsveg. Elden vil garantert styrka oss i dette arbeidet, seier Sælevik.

- Pinleg

Tidlegare i år vart Geir Sælevik og kona Inger Johanne Dybvik tilkjent 1.200.000 kroner frå Staten som erstatning og oppreising for uretten dei har lidd etter saksbehandlingsfeil og forfølging av politi og påtalemakt.

— Sett i lys av den ferske dommen frå Karmsund tingrett er erstatninga eit pinleg kapittel, seier Haldor Tveit.

KJETIL ØSTREM