TERJE ULVEDAL

Det var i april 34-åringen skada seg i ei motorsykkelulukke på ferjekaien på Oppedal i Gulen. Mannen hadde smerter i skuldra, og blei operert på Førde sentralsjukehus. I dagane etter operasjonen klaga ytresogningen over sterker smerter i kroppen. Tre dagar etter inngrepet blei han overført til Haukeland universitetssykehus, der han døydde etter kort tid.

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane konkluderer med at behandlinga 34-åringen fekk var fagleg forsvarleg. Det einaste som kanskje kunne ha vore gjort annleis, var at antibiotikabehandlinga kunne ha starta tidlegare.

— Ved ei optimal behandling kunne pasienten fått antibiotika nokre timar tidlegare. Men det er langt frå sikkert at det ville påverka sluttresultatet, seier fylkeslege Petter Øgar.

Fylkeslegen har også granska om avdelinga mannen var innlagt på ved Førde sentralsjukehus har fleire utbrot av sjukehusbakteriar enn landsgjennomsnittet, men ikkje funne at så er tilfellet.

Helsetilsynet ser seg no ferdige med saka, sjølv om dei gjennom si granskinga ikkje har greidd å gje svar på om mannen blei smitta under sjukehusopphaldet i Førde. Det kan nemleg ikkje utelukkast at bakterieangrepet starta før mannen blei lagt inn.

— Det er nesten uråd å slå fast. Dette er ein type bakteriar som er ganske vanleg hos folk flest. Det er ikkje uvanleg at friske folk ber med seg bakteriar som hos andre kan bli hissige og gje sjukdom, forklarar fylkeslegen.

Etter dødsfallet gav politiet ordre om obduksjon, og vurderte å starte etterforsking då obduksjonsrapporten viste at dødsårsaka var sjukehusbakteriar. Etter at fylkeslegen no meiner sjukehuset ikkje kan kritiserast for det medisinsk-faglege arbeidet, kjem politiet truleg til å leggje saka vekk.

— Vi er så langt berre kjende med fylkeslegens konklusjonar gjennom media. Men basert på det han har sagt er det tvilsamt om vi vil starte etterforsking, kommenterer politiinspektør Ronny Iden.