Dette skriv utvalet, med professor dr, juris Johan Giertsen i brodden, som har granska tilhøvet mellom kommuneadministrasjonen og Eidfjord Utvikling AS, eit selskap som skulle driva næringsutvikling, stort sett med kommunale pengar. I fjor trekte styret i selskapet seg, fordi dei meinte rådmannen blanda seg for mykje inn i arbeidet deira. Professor Giertsen hadde med seg informasjonsrådgjevar Tormod Carlsen og statsautorisert revisor Harald Sylta i utvalet. Etter nær fire månader med omfattande gransking er konklusjonen. «Undersøkelsesutvalget har ikkje funnet grunnlag for å rette kritikk mot Eidfjord kommunes administrasjon.» Om dette set stoppar for rådmannsstriden i Eidfjord, skal likevel vera usagt. Heile rapporten er lagt ut på kommunen sine heimesider.