EYSTEIN RØSSUM

Ei intern gruppe i Kystverket har i fleire månader granska Kystverkets rolle i «Rocknes»-ulykka: Kva dei hadde gjort, kva dei kunne gjort betre, og kva slags tiltak som bør setjast i verk for å unngå slike katastrofar i framtida.

Rapporten vart lagt fram i Ålesund i dag, og vil garantert bli studert med argusaugo av saksøkjarane.

Dette er konklusjonane:

1. Kystverket finn ikkje grunn til å klandre losen.

2. Kystverket tar ikkje stilling til om Kystverket som etat er å klandre.

I september skal staten møte «Rocknes»-eigarane i Oslo tingrett. Kommandittselskapet «Reederei Hans-Jürgen Hartman MS Kvitnes GmbH & Co», som formelt sett eigde Jebsen-båten, har saksøkt Kystverket ved Fiskeridepartementet for å sleppe å betale oppryddinga. Det skjedde etter at dei fekk oversendt rekninga.

bt.no kjem attende med meir.

18 DØDE: "Rocknes"-forliset skjedde i Vatlestraumen ved Bergen 19. januar 2004. 18 menneske miste livet i ulykka.
JAN M. LILLEBØ