— Mannen fekk det svært vanskeleg etter at dei alvorlege skuldingane blei reist mot han. Saka blei så belastande at han ikkje greidde å gjere jobben, seier mannens advokat, Anniken Mellegaard Thinn, til Bergens Tidende.

Mannen krev 300.000 kroner i erstatning for tapt arbeidsinntekt, og i tillegg oppreising på 150.000 kroner.

— Vi har søkt staten om erstatning på vanleg måten, men fått avslag. Derfor tek vi kravet til retten, seier advokaten.

Alvorleg tiltale

Mellegaard Thinn ønskjer ikkje å seie noko om innhaldet i tiltalen mannen i si tid blei frikjend for. Men etter det Bergens Tidende kjenner til, blei mannen tiltalt for seksuell omgang med si eiga dotter.

50-åringen vart tiltala for å ha forgripe seg på dottera då ho var åtte år gammal. I følgje tiltalen skulle mannen mellom anna ha prøvd å gjennomføre samleie. Mannen og hans sambuar var flytta frå kvarandre, og overgrepet skulle ha skjedd då dottera var på eit helgebesøk.

Tingretten fann at bevisa i saka ikkje heldt til å dømme mannen for overgrepet. Retten fann likevel at det var mest sannsynleg at overgrepa hadde skjedd, og dømde han til å betale oppreisningserstatning på 50.000 kroner til jenta.

Mars neste år

Dommen frå tingretten blei anka. I Gulating blei mannen frikjend på ny. Lagmannsretten frikjende han dessutan også frå kravet om å betale erstatning til dottera. Gulating sa i dommen at dei ikkje kunne sjå bort frå at barnet hadde blitt påverka av andre.

Erstatningskravet kjem opp for retten i mars neste år. Advokaten meiner det er uheldig for hennar klient at erstatningsspørsmålet har drege så langt ut i tid:

— Grunnen er at det er lang kø av saker saker hos riksadvokatembetet, seier ho.