Mannen har nemleg ikkje badekar, melder NRK Sogn og Fjordane.

34-åringen var tiltalt for å ha slått og deretter halde hovuda til dei tre døtrene under vatn i eit badekar under samver med dei.

Påstandane om at mannen skulle ha slått og halde hovuda til dei tre døtrene under vatn i eit badekar kom fram medan mannen låg i ein bitter strid med mor til borna om foreldreretten. I november i fjor vart mannen i Nordfjord tingrett dømd til 18 dagar i fengsel og 5000 kroner i oppreising til kvart av barna.

Advokaten til mannen, Gunnar Lunde, seier til VG at han meiner dette er ei strafferettsleg skremmande sak, og at det hadde vore justismord om dommen frå tingretten var blitt ståande.

I den frifinnande dommen har lagmannsretten lagt stor vekt på at den 34 år gamle faren ikkje har noko badekar sjølv, og at det einaste badekaret som kan ha vore nytta er boblebadet hjå mor og stefar til mannen.

Aktor seier dei tek dommen til etterretning, og at det ikkje er aktuelt å anke til Høgsterett. Dermed blir frifinninga ståande.