Den 23 år gamle bonden oppdaga i januar 2005 mygl på ein høyball som han gav sauene fôr frå. Sjølv om han visste at dette i verste fall kunne føre til hjernehinnebetennelse, rekna han med at det ville gå bra.

Eit par veker seinare døydde fleire av sauene. Den unge bonden la merke til at nokre av sauene sjangla, og gav dei penicilin. Dei daude dyra planla han å køyre vekk seinare på dagen. Men då han kom tilbake for å ta kveldsstellet, låg det daude sauer på alle kantar.

Etter dette gjekk bonden aldri inn i fjøset att. Han held sauedauden skjult for omverda og gjekk inn i ein periode med angst og søvnproblem.

Ein månad seinare vart det heile oppdaga av den tidlegare eigaren av garden. Bonden var på dette tidspunktet psykisk nedbroten.

Ei rettspsykiatrisk undersøking konkluderte med at mannen var strafferettsleg tilrekneleg, men ein annan psykiater kom til det motsette.

Då Gulating lagmannsrett skulle avgjere saka måndag, meinte fire av sju dommarar at mannen kunne dømast for misleghald av dyra. Men lova krev at minst fem av dommarane meiner han er skuldig, og han vart dermed frikjent.

I følgje forsvarsadvokaten hans, Arne Gjeraker, har han ingen planar om å gå tilbake til gardsdrift.