PER MARIFJÆREN

No er mannen frifunnen etter mordbrannparagrafen, men dømd til eit halvt års fengsel for brannstifting og skadeverk.

Ville berre skremme

Kameraten og fire andre personar låg og sov i huset, og retten meiner at i alle fall kameratens liv var i stor fare. Men samstundes meiner Indre Sogn heradsrett at han ikkje kan dømmast etter mordbrannparagrafen, ettersom det ikkje kan provast at han hadde som forsett å skade nokon.

— Tiltalte har frå første politiavhøyr helde fast på at han tente på for å skremme, skriv sorenskrivar Steinar Velle i dommen, og peikar på at det er påtalemakta si oppgåve å prove at det motsette er tilfelle. Det har politiet ikkje klart, ifølgje retten.

Bakgrunnen for branndramaet i Årdal ei juninatt i 1999 var at kameraten to gonger hadde stukke av med jenter tiltalte var kjærast med. Den siste like før brannen i juni 1999.

Tømte inn bensin

Blant venene hadde tiltalte stor sympati, og fleire foreslo måtar å ta hemn på. Men tiltalte ville gjere det på sin eigen måte, og han kjøpte ei bensinkanne. Frå denne fyllte han bensin på ei halvliters colaflaske, stod opp ved 04-tida om natta og sykla til kameratens hus eit stykke unna. Der tømte han bensin inn vindauget i kameratens rom i første etasje, og tente på med ein lighter. Han såg at det tok fyr der inne.

På veg bort frå huset tok han fram mobiltelefonen for å varsle kameraten i fall han ikkje alt hadde vakna. Men telekortet i mobilen var oppbrukt, og han fekk ikkje ringt. Då han kom heim, ringte telefonen. Tiltalte si mor tok den, og han skjønte at det var kameraten. I retten forklara han at det ikkje var meininga å skade nokon, berre å skremme kameraten slik at han hugsa det resten av livet. Eit grovt svik

Han visste at kameraten sov lett, og rekna med at han ville vakne og sløkkje brannen. Han visste at det var røykvarslarar i huset, og at kameraten alltid hadde mobilen på. Han visste ikkje kor mange andre det var i huset denne natta. Bensinbrannen inne på soverommet vart relativt raskt sløkkt, og folk i huset vakna av røykvarslarane. 21-åringen er i tillegg til fengsel dømt til å betale 26.549 kroner i erstatning for skadene huset vart påført.

— Tiltalte sin handlemåte var heilt uforsvarleg og sterkt klanderverdig. (…) Han var nok i sterk affekt på grunn av det han opplevde som eit grovt svik frå ein nær ven, skriv Indre Sogn heradsrett i dommen. Tiltalte har allereie sona størstedelen av dommen i varetekt.