Retten meiner det er rimeleg tvil om grøfta vart graven innanfor ulovleg område. Grensene for gravrøysa si utstrekning er utviska av førre generasjon sitt jordarbeid.

Saka kom opp i etterkant av eit møte i Ullensvang om miljøkriminalitet. Eit ferskt døme rett i nabolaget viste seg å vera for godt til å vera sant, i alle fall ikkje sant nok til domfelling.

Etter lova er kulturminne frå før 1537 automatisk freda. Har ikkje styresmaktene fastsett klar grense, gjeld fredinga fem meter utom kulturminnet sin synlege ytterkant.

Politiet har målt avstanden frå toppen av gravrøysa til skråningsfoten (overgangen til flat mark) til 9,5 meter. Til midten av grøfta var avstanden 11,3 meter. Med andre ord er det berre 1,3 meter frå «synleg ytterkant» til midten av grøfta, og heile grøfta ligg inne i sona på fem meter.

Under rettssaka kom det likevel fram at det vart tilkøyrt lassevis med dyrkingsjord i 1987. Det har utvida gravhaugen mykje, og høgste punktet er komen på annan plass. Universitetet i Bergen har registrert den aktuelle gravrøysa med diameter 11 meter i 1954. No er diameteren nær det doble. Både retten og ekspertisen meiner at eit kulturminne ikkje vert utvida eller flytta ved at nokon fyller jord innåt.

Retten veit sikkert at «kjende ytterkant» for gravrøysa ligg innanfor den «synlege ytterkanten» for haugen i dag, men noko haldepunkt for å måla ut ei sikringssone på fem meter, finn dei ikkje. Difor må mannen frifinnast.

Retten legg vekt på at kulturminnet ikkje er påført noko form for skade ved gravinga, og at mannen ikkje hadde «vinnings hensikt». Det ville vore praktisk og økonomisk like greitt å legga grøfta litt lengre unna gravrøysa.