I november 2000 forskansa sunnfjordingen seg med HV-våpen i eit hus i sentrum av Dale. Mannen var rusa etter å ha drukke ein god del smuglarsprit. Væpna politi evakuerte naboane og omringa huset i 17 timar. Til slutt aksjonerte politiet i ly av mørket og brukte tåregass for å få mannen ut.

Sunnfjordingen blei tiltalt for drapstruslar mot politiet og kjøp av smuglarsprit. Det siste har mannen vedgått, og Sunnfjord tingrett har ilagt han ein bot på 4000 kroner.

Men for hovudpåstanden, 90 dagar fengsel for drapstruslar mot politiet, har påtalemakta ikkje fått medhald. Sjølv om politiet oppfatta 36-åringen som svært trugande, meiner tingretten mannen aldri kom med direkte trugsmål mot politiet.

Då mannen forskansa seg hadde han ein HV-maskinpistol av typen MP5 og 100 skarpe skot. Sunnfjordingen skaut for nokre år sidan eit fjernsynsapparat med hagle. Han blei då fråteken dette våpenet, men ein glipp gjorde at han framleis fekk ha det militære tenestevåpenet heime.