ARNE HOFSETH Rein flaks gjer at dei framleis har plettfrie rulleblad, og slepp problem til dømes med utanlandsreise.

Retten er ikkje i tvil om at offeret er utsett for vald som må reknast som lekamskrenking, men gjerningsmennene var tiltala for lekamsskade. Vanlegvis har retten høve til å gje fellande dom etter ein mindre alvorleg paragraf, men i dette tilfelle mangla det ei setning i tiltalevedtaket, at allmenne omsyn gir grunnlag for straff.

Det ville vore sakshandsamingsfeil om retten dømde karane utan denne setninga, sidan offeret sjølv ikkje kravde gjerningsmennene straffa.

Ein av karane fekk motorsykkelen sin ramponert og hjelmen stolen under eit kinobesøk. Dei fekk greie på kven som hadde gjort det, og gav han juling. Retten er i rimeleg tvil om slaga og sparka førte til hjerneristing, og blir ståande att med naseblod og ein kul ved venstre tinning. Sjølv om hjelmtjuven vart verande på sjukehuset natta over, meiner retten at dette «berre» kvalifiserer til lekamskrenking, ikkje lekamsskade.

Mannen som fekk juling har vedgått tjuveriet av hjelmen, og er bøtelagt. Men spørsmålet om ramponering av motorsykkelen er lagt bort av bevismangel.