Tysdag skreiv BT at Hardanger Fartøyvernsenter ikkje tek sjansen på å sende frå seg den nyrestaurerte luksusbåten «Faun» — etter den sørgjelege prøveturen laurdag. Etter berre få minutt på fjorden viste det seg nemleg at prestisjeprosjektet tok inn så mykje vatn at heile stasen heldt på å gå ned.

Men no har fartøyvernsenteret ombestemt seg. «Faun» siglar likevel frå Norheimsund til Bergen neste veke for å vere spektakulært innslag i 17. mai-feiringa på Paradis.

Med ordførar Herman Friele om bord skal båten, som ein gong tilhøyrde statsminister Christian Michelsen, leggje til ved badeplassen på Gamlehaugen.

Tørrskodd Friele

— No er det berre å stå på fram til 17. mai, og håpe at alt går i boks. Vi skal gjere vårt for at dette blir ein suksess, seier verftsmeister Morten Hesthammer.

— Kva må gjerast for å få båten tett?

— Vi må presse inn ein tynn tråd bomull mellom borda over vasslinja. Glipene er berre på ein millimeter, så det er ikkje all verda som skal til.

— Men kan de garantere at Friele kjem i land, tørrskodd og i live?

— Legg vi først av garde, må vi kunne garantere det, svarar Hesthammer.

Heller ikkje Fredrik Hannestad i «Paradis 2005», som arrangerer 17. mai-festen i år, er redd for at ordføraren skal bli våt på beina.

— Ikkje i det heile tatt, ler Hannestad.

— Vi har fått klarsignal frå fartøyvernsenteret, og planlegg etter det. Viser det seg at dette ikkje går likevel, har vi fleire reserveløysingar.

Kontrollørane kjem

Det springande punktet no er nemleg om Skipskontrollen godkjenner båten. Fredag får både fartøyvernsenter og 17. mai-komité svaret. Då kjem kontrollørane på inspeksjon.

Motoryachten «Faun» vart bygd i Bergen i 1916, og har hatt fleire eigarar etter at Christian Michelsen døydde. I 2000 overtok Hardanger Fartøyvernsenter «Faun» for 1 krone, og har sidan restaurert båten for ca. 4,3 millionar kroner.

FAKSIMILE: Bergens Tidende 10.05.