— Politiet hadde betre vit enn meg. Dei nekta meg å gå inn igjen i huset etter kunst og bøker. Hadde det vore opp til meg ville eg drive på med redningsarbeidet til flammene sto i taket, seier Fridtjov Urdal til Bergens Tidende.

Totalskada

Huset der kunstnaren budde fekk så store brann- og vasskadar at det mest truleg er totalskadd, opplyser vakthavande hjå Sogn og Fjordane politidistrikt .

Det eldre bustadhuset på Ålhus, som på folkemunne i Jølster vert kalla «Wendelbohuset», ligg tett opptil eit større trehustun med fire-fem bygningar og nær inntil E 39 mellom Sandane og Førde.

Europavegen vart difor stengt i over ein time medan brannvesenet kjempa mot brannen, og klarte å hindre at den spreidde seg til dei andre bygningane i trehustunet på Ålhus.

Politiet veit førebels ikkje brannårsaka. Men alt tyder på at brannen starta i eit sikringsskåp i 2. høgda på trehuset.

Brannen vart meldt litt over klokka halv to om natta. Det var dei to personane som budde i huset som oppdaga at det hadde byrja å brenne, og som meldte i frå til politiet.

Store vasskader

— Eg har ikkje fått full oversikt enno. Men eg trur eg fekk ut mesteparten av maleria og anna kunstverk, seier Urdal.

Han fortel om hendinga:

— Eg sat oppe om natta og la siste hånd på eit kåseri til opninga av den nye riksvegen mellom Førde og Florø fredag, der mellom anna samferdselsminsiteren var ein av gjestene. Då kom leigetakaren i 2. etasje ned til meg og sa det var brann i huset. Også han sat oppe i 0130-tida denne natta, seier Urdal.

— Flammane fekk raskt tak i bygningen, men vi klarte å berge ut mykje kunstverk. Verre er det med boksamlinga; eg fekk ikkje ut ei einaste bok. Boksamlinga har fått store røyk- og vannskader, så det er uvisst korleis det går med den, seier kunstnaren på Ålhus i Jølster.

16 brannar i desember

Alarmsentralen i Florø har registrert totalt 16 brannar hittil i desember i Sogn og Fjordane. Gamle sikringsskåp med skrusikringar er ein stor brannfare når straumforbruket er høgt.

— No når det er svært kaldt og vi brukar mykje straum bør ein sjekke at sikringane ikkje vert unormalt varme. Og minst ein gong i året bør ein skru sikringane til seier Egil Svidal, leiar i el-tilsynet i Sunnfjord Energi.