TERJE ULVEDAL

Førde

— Eg ville finne på noko sprøtt, fortel Tove.

Ho sit i stova heime i Førde og ventar spent på at forloveden Arnt Ove Nordbotten (28) skal lande i København. I flyet på veg frå Gardermoen skal han nemleg få overlevert eit kort ho har skrive, med denne teksten: - Vil du gifte deg med meg?

— Han anar ingen ting, ler Tove.

Flyselskapet med på notane

Informasjonssjefen i flyselskapet spelte på lag då Tove tok kontakt og fortalde at sambuaren skulle til København i går morgon. Flyvertane ville overlevere blomster og kort, før kapteinen skulle opplyse om frieriet frå cockpit.

— Kapteinen var litt skeptisk. Han frykta det var ein «pratical joke». Så eg måtte forsikre dei om at dette er alvor, fortel friaren.

Skjelven friar

Er flyet i rute, skal det lande 10.10. Rundt klokka ti sniglar minutta seg av garde.

— Eg trur nok han blir overraska, smiler Tove.

Nitimen i NRK har fått nyss om hendinga, og familien på begge sider er informerte. Telefonen står ikkje, mange ringjer og vil vite. Men den samtalen ho ventar eller mest på, let vente på seg:

— No er eg godt skjelven!

Christoffer på tre og Joacim som er sju månader oppfører seg derimot heilt normalt. Storesystera i barneflokken, Charlotte, er på skulen.

Eigentleg var det treåringen som fekk fart i gifteplanane. Han kom til mora med følgjande klare melding: - No syns eg du og pappa skal gifte doke, det har de aldri gjort før!

Planen er Kreta

Så endeleg kjem telefonen ho vil ha. Tove Solbu får sitt ja.

— Eg hadde jo ikkje peiling, fortel Arnt Ove til Bergens Tidende på telefon frå Danmark ein halvtime etterpå.

Han trudde først at noko var gale heime, då vertane på SAS Braathens-maskina ville ha fatt i han. Stor var overraskinga då det enda med friarbrev.

— Det går jo ikkje an å seie nei til slikt, seier Arnt Ove.

Får Tove det som ho vil, skal giftarmålet skje på Kreta.

— Men kyrkjebryllaup blir nok vanskeleg, sidan vi ikkje er gresk-ortodokse. Så det blir nok på eit rådhus.

Men ei aldri så lita markering blir det nok før den tid.

— Ja, vi må vel ha ei lita feiring når eg kjem heim på laurdag, meiner i alle fall den kommande brudgommen.

FÅR SITT JA: Tove Solbu fekk hjelp av mannskapet på SK145 frå Oslo til København til å fri. Sambuaren aksepterte. Giftemålet står truleg på Kreta til sommaren.<br/>Foto: TERJE ULVEDAL