JOHN LINDEBOTTEN

— Dette vil gjelda frå fredag kveld, 7. januar klokka 22 og til klokka 06 laurdag. Og slik vert det kvar natt til vi har justert opp høgda i tunnelane, seier distriktsvegsjef for Voss og Hardanger, Anfinn Ansok, til Bergens Tidende.

Han opplyser at Statens vegvesen i år vil bruka 15-20 millionar kroner på å høvla taket i tunnelane på Haukelivegen, slik at det kan opnast for fri ferdsle døgnet rundt med bilar opptil 4, 10 meter. Desse arbeida vil vera avslutta i år.

Det har vekt mykje strid at vegvesenet utpå hausten i fjor starta med hyppige høgdekontrollar av tungtrafikken over Haukeli, der den lovlege grensa var 4 meter.

Til samanlikning opplyser Arnfinn Ansok at alle nye riksvegtunnelar no vert bygde med høgdegrense 4,5 meter.

Litt smått?

— Når de likevel set i gang arbeid med å gjera tunnelane høgare, verkar det vel litt smått å nøya seg med 10 centimeter, frå 4 til 4,10?

— Ja, men dette er og eit kostnadsspørsmål. For auka høgdegrensa frå 4 til 4,10 trengst det berre litt plukk her og der på einskilde punkt. Skal vi auka høgda meir, er det snakk om heilt andre summar, men vi startar no arbeidet med eit plangrunnlag for dette.

Ansok opplyser at det er fem tunnelar på Haukelivegen som har høgderestriksjonar, og som skal justerast opp til fast høgde 4,10 meter. Det er Seljestadtunnelen, Røldalstunnelen, Svanndalsflona, Haukelitunnelen og Vågslidtunnelen. Den sistnemnde ligg i Telemark fylke. Den samla tunnellengda er 14,3 kilometer.

Nei frå Skogsholm

Stortingsrepresentant Arne Sortevik frå Frp i Hordaland er langt frå nøgd med dei tiltaka som Arnfinn Ansok kunngjer.

— Vel, det syner at vegvesenet i alle fall er på tilbaketog etter dei gjekk hardt ut med høgdekontrollar i haust. Men rett før jul la eg og andre frå Frp, Ap og Sp fram eit dok. 8-forslag om straks å setja i verk avbøtande tiltak slik at tunnelane kan haldast opne for tungtrafikk opp til 4.20 meter. Men dette har samferdsleminister Torild Skogsholm avvist, seier Sortevik til BT.

— Statsråden hevdar at vi vil opna for fri ferdsle med 4,2 meters høgde, men det er feil, seier Sortevik, og viser til forslagsteksten. Der er det nemnt både nedsett fartsgrense, varsel om senterkøyring, einvegskøyring med lysregulering og betre lys i tunnelane.

Instruert av Stortinget?

— Avslaget til statsråden er meir enn underleg når vi for nokre dagar sidan kunne lesa i Dagbladet at ein trailer på 4,2 meter hadde køyrt gjennom tunnelane utan å skrapa i taket, og utan å ha kryssa den gule stripa.

Dok. 8-forslaget skal om kort tid opp i Stortinget.

— Det endar kanskje med at samferdsleministeren må instruerast av Stortinget til å setja i verk dei tiltaka vi har foreslått, seier Arne Sortevik.